Kalender Hordaland

Oppdatert 05.11.10 19:45

Då olje og energiministeren før i år var på vitjing i Kvam, kunne han opplysa kvemmingane om at Statnett ville byggja ny trafostasjon i Øystese.
Dette ville i etterkant føra til at den eine av kraftlinene forbi ... Øystese til Samnanger kunne rivast.
( Me ville då berre sitja igjen med den ingen vil ha )Ein skulle tru at dette var ei skikkeleg gulrot for både kvemmingar og hyttefolk på Kvamskogen. Etter rykte på bygda om at den nye trafostasjonen skulle plasserast oppe på Tokagjel, har underteikna i haust vore i dialog med Statnett om plassering , størrelse på stasjonsområde , krav til tilkomst, med meirStatnett kunne trøysta underteikna med at når det gjaldt plassering, stilte dei med blanke ark. Det som ikkje roa underteikna like mykje var dimensjonen på tomta dei trong, og krav til tilkomst.Krav til tomtestørrelse for trafo : Ca 30.000 kvadratmeter . Krav til vegframføring : Tola belastninga av vogntog med lengde ca 70 meter og totalvekt på ca 400 tonn.Når ein ser rundt seg og opp etter liene i kommunen vår, kan ein ikkje akkurat seia at tomter til dette føremålet ligg som perler på ei snor.
Tomta bør og liggja i rimeleg nærleik til den nye lina.Spørsmåla politikarar , kraftprodusentar , framtidige kraftprodusentar , bygde - og hyttefolk då bør stilla seg, er :Har me bruk for dette "Dyret" ?Kan me i staden rusta opp lina frå Øystese til Samnanger og vera hjelpne med denne for framtidig lokal produksjon? Fins det andre alternativ for å sleppa å ta i mot denne "pakken " og samtidig ivareta moglegheitene for lokal kraftproduksjon ?Eg vil sterkt oppmoda politikarane som i nær framtid skal møta Statnett om saka ; ver godt førebudde ! Bruk dei resursane me har i bygdene våre til å få fram aktuelle løysingar og problemstillingar, enkelt og greitt . Ta styring i saka !Det siste Kvam treng no, er ein ny lokaliseringsstrid .

Frode Nygård

Kvam Frp