Kalender Sogn og Fjordane

Oppdatert 04.04.11 12:04

Blogg: I Stortinget si handsaming av Datalagringsdirektivet idag vil Senterpartiet og SV gå imot si eiga regjering. I staden står dei saman med størstedelen av oposisjonen og stemmer imot DLD. Men når det kjem til å oppretthalde eit avgjerande tryggleikstilbod, som fødetilbod, på lokalsjukehusa, er ikkje SP og SV villige til å gjere det same. Dette syner at spesielt Senterpartiet farer med tomt prat, og no ofrar tryggleiken til dei fødande i Sogn og Fjordane.

Eg skal innrømme at eg var brennsikker på at saka om nedlegging av ortopedi og fødetilbod på Eid, og reduksjonen i Lærdal var ein svært dårleg aprilspøk når saka kom i media fredag. Sjølv om NRK ringte meg om morgonen og fortalde det, var det først når TV2 Nyhetskanalen ba om å få eit intervju om saka at eg skjønte at dette var alvor. Med alle dei løfter og forsikringar som spesielt SP og SV har gitt, er det framleis komplett uforståeleg at regjeringa kan gå inn for ei løysing som i realiteten er det første steget i ei total nedlegging av begge dei attværande lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

Så seint som 16. mars, sa Liv Signe Navarsete til NRK at det var uaktuelt å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjordeid. 27. mars (5 dagar før saka vart kjend), gjekk Sogn og Fjordane SV langt i å forsikre veljarane om at Landsmøtet i partiet hadde fatta vedtak som gjorde at partiet ville kjempe for lokalsjukehusa. Begge partia har tydeligvis drive med dobbeltkommunikasjon på høgt nivå, for å lure veljarane i Sogn og Fjordane.

Når vi så kan lese i Fjordabladet 3. mars, at sjukehusforkjempar Margreta Navelsaker tek partileiaren i Senterpartiet i forsvar, og seier at ho har kjempa i regjeringa for å opprethalde tilbodet, ja då stiller eg meg følgjande spørsmål: Kvifor kan ikkje SP og Liv Signe ta dissens i regjeringa? Kvifor kan partiet idag ta dissens i Stortinget, og stemme saman med FrP, KRF og Venstre imot innføringa av Datalagringsdirektivet, men kan ikkje gjere det same når det gjeld tryggleiken til dei fødande i Sogn og Fjordane?

Dette syner med all tydelighet at det einaste som betyr noko for Senterpartiet er at dei får sitte rundt kongens bord og køyre svarte fine statsrådbilar, politikken som vert førd bryr dei seg lite om. Fredag 1. april 2011, vart tryggleiken og grunnleggande velferdstenester ofra på Senterpartiets og SVs politiske bord, berre for å kunne tittulere seg som eit regjeringsparti. Dei burde skamme seg!!

12. september er det kommune- og fylkestingsval, og eg håpar veljarane i Sogn og Fjordane ser kva parti som har vore eintydige om at tenestene på lokalsjukehusa skal oppretthaldast.