Kalender Hordaland

02.09.07 21:20

Kommunebløffen frå Sp

 

Monika S. Gabrielli frå Radøy Sp har vore ute med skremselspropaganda om FrP ved fleire høve i det siste. Det som vert skrive får stå for hennar eigen rekning, eg vil berre komme med nokre tilleggsopplysningar.

Alle punkta ho ramsar opp på kva ein får om ein stemmer Sp (Strilen 30/8) kunne like gjerne vore tatt utav Radøy FrP sitt program, dei er nesten likelydande. I tidlegare innlegg har eg konsentrert meg om å få fram vår politikk, ikkje gå til åtak på andres. Det kan vere ei anbefaling til andre og, då får veljarane opplysning om kva partia sjølv står for, ikkje kva alle andre står for.Eg har tiltru til at veljarane sjølv vektlegg det dei meinar er rett. Men eg må nesten svara på tiltale:

Sp vil byggje nok sjukeheimsplassar, skriv ho: Ja,det vil vi og. Og vi hadde mogelegheiten i fjor då det skulle vedtakast utbygging av Velferdsenteret. Alle parti, utanom FrP, gjekk inn for den minste utbygginga. I tillegg til at det betyr ein reell nedgang frå dagens plassar innan eldreomsorga, var det valgte alternativ også det som var sterkast frarådd av fagfolka i kommunen. Ved å velje den minste løysinga mister vi også dei samlokaliseringseffektane med lege og fysioterapaut ei større utbygging ville gitt. Dette ville igjen ført til innsparte midlar, noko som hadde gitt heile drifta i kommunen betre kår.

Vidare skriv ho om dei rekordstore tilbakeføringane Sp har gitt kommunane, gjennom Sps Åslaug Haga. Då skal eg sette opp reknestykket som viser at det kanskje ikkje er så mykje å rope hurra for likevel:

 

Den såkalla ”økning” i frie midlar for 2007:                                3.650 mill.

Årlig NAV-reform kostnad:                                                -        300 mill.

Økte kostnader grunna demografi:                                   -     1.900 mill.

Økte sosialhjelpssatsar:                                                    -         200 mill.

Innlemming øremerka tilskot til

  minioritetsspråklege:                                                      -         840 mill.

Reell kommunesatsing:                                                          =  410 mill.

 

Kommunalministeren gjer med eine handa, og Sp gløymer å nevne at ho forsyner seg grovt tilbake med den andre...410 millionar fordelt på alle landets kommunar kan vel strengt tatt ikkje kallast rekordstor! Satsing? Ein kan vel heller kalle det triksing...

FrP foreslo i samme budsjett 1,5 milliardar meir til kommunane enn regjeringa, øremerka midlar til skule og omsorgsoppgåver, styrkja statleg finansiering av ressurskrevande brukarar (894 mill) og rentekompensasjon for skule og kyrkjebygg. Så kan ein gjerne argumentere med at ei stykkprisfinansiering frå staten fråtek kommunane mogelegheita til eigne prioriteringar, men vi ville oppnådd det Gabrielli brukar i overskrifta :” Ei verdig eldreomsorg der ALLE uansett har same rettar.” Då ville ein ikkje vore avhengig av den einskilde kommune sin økonomiske og politiske situasjon, men hatt like rettar, uavhengig av kvar i landet ein er busett. Som i Radøy, der det politiske fleirtalet, med Sp i spissen, har kutta i primærtenestene for å prioritere kultur.

Forøvrig er eg heilt einig med Gabrielli i det ho avsluttar med: Vi ser fram til eit godt samarbeid med dei andre partia i Radøy, og ut i frå dei ulike partiprogramma har eg god tru på at vi skal få til mykje bra i Radøy den neste 4- årsperioden! Men då må politikarane og visa vilje til å prioritere og følgje opp det dei skriv i valprogramma, for det er noko som ofte viser seg: frå ord til handling kan vegen vere lang.

 

Godt val. Mvh Lena Bø Nilsen

ordførarkandidat for Radøy FrP