Senterpartiets rovdyrpolitikk
Senterpartiet står igjen heilt avkledde etter at Stortinget handsama eit Dok.8-forslag frå FrP om å inkludere enkelte av grenseflokkane i bestandmålet for ulv. Kamelen som SP då slukte er så stor at dei kjem til å streve med å fordøye den i lang tid framover. Om mange av veljarane deira i dei områda som er plaga med rovdyr vil sluke ein så stor kamel står igjen å sjå.
Framlegget frå FrP lydde slik: ”Stortinget ber Regjeringa presisere bestandsmålet for ulv, slik at grenseflokker som har minst halve reviret sitt og tilbringer minst halvparten at tiden i Norge, inngår i det samlede bestandsmålet på tre årlige ynglingar og kommer inn under den ordinære norske rovviltforvaltningen.”
Dette røysta SP imot i Stortinget, tru det den som vil.
FrP viste i Stortingshandsaminga til at ein i rovdyrforliket i 2004 umogeleg kunne ha sett føre seg dei spesielle utfordringane rovdyra representerar. FrP påpeikte også at det i Noreg finnes fleire ulvar som ikkje er ein del av det norske bestandmålet enn dei som er ein del av bestandmålet.
At store deler av befolkninga i dei områda som er hardast ramma av ulv og andre rovdyr opplever livskvaliteten for seg og sine dyr som svekka, kan det ikkje herskast tvil om. Likeeins meinar FrP at det er openbart at deler av landet vårt vil få beitenekt eller pålegg om innsanking av beitedyr, dersom dei lokale rovdyrnemndene ikkje vert gitt tilgang til eit heilskapleg verkemiddelapparat før årets beitesesong.
At Senterpartiet røysta imot FrP sitt framlegg er heilt utruleg, ikkje minst når ein hugsa kva som vart sagt frå SP før valet. Under debatten i Stortinget sa fleire frå SP at deira røystegjeving var ein nødvendig kostnad ved å sitte i regjeringa. For SP er det viktigare å behalde statsrådtaburettane enn å stå på vallovnadane sine. Skuffelsen må difor vere stor for dei som trudde på SP sin rovdyrpolitikk.
Åge Starheim
Stortingsrepresentant FrP

