Oppdatert 10.02.09 22:29

Skiljet mellom administrasjon og politikk.
Det er med ei viss undring Flora Frp merka seg innlegget signert kst. rådmann i Flora Terje Heggheim i Firdaposten og Firda 3. februar der han mellom anna kallar Høgre sin Jacob Nødseth ein "politisk kujon", seier at han ikkje er "ryddig og seriøs", at han er feig og at han ikkje er skikka til å stå på Høgre si stortingsliste i Sogn og Fjordane. Heggheim sitt innlegg gjer at Flora Frp finn det påtrengande nødvendig å presisere Framstegspartiet sitt syn på skiljet mellom politikk og byråkrati.
Politikk skal primært drivast politikarar seg i mellom. Som opposisjonspolitikarar er det for Flora Frp viktig å tydeleggjere korleis Flora kommune kunne ha vore styrt om Frp hadde hatt ordførarposisjonen og fått gjennomslag for vår politikk, på same måte som til dømes Jacob Nødseth tydeleggjer korleis Flora kommune hadde blitt styrt om Høgre hadde hatt posisjon.
Politikarar skal også fatte politiske vedtak og sende politiske signal til kommuneadministrasjonen ved rådmannen om korleis administrasjonen skal gjere jobben sin, og ev. peike på dei feil administrasjonen gjer. Vi er som politikarar valde av innbyggjarane og for innbyggjarane - det er dei vi svarar for.
Administrasjonen er på si side til for å følgje opp politiske vedtak og sørgje for at ting går rett føre seg i politiske organ. Og ein ting må vere klårt: innanfor alminnelege grenser kan ein politikar synse og meine kva han vil om administrasjonen og rådmannen, enten det er i politiske organ eller i media som einskildrepresentant. Det er faktisk ein viktig del av rolla ein har som folkevald ovanfor dei som har stemt på ein.
Flora Frp skal ikkje skrive så mykje om det kst. rådmann Heggheim gjev uttrykk for å meine om Nødseth, men Flora Frp vil gje uttrykk for at Bystyre gruppa til Flora Frp ikkje kjenner seg att i biletet Heggheim teiknar av han. Flora Frp har ein konstruktiv dialog og i mange saker eit godt samarbeid med Jacob Nødseth.
Politikk er det politikarar som driv, mellom kvarandre som motstandarar, konkurrentar el. samarbeidspartnarar, og ikkje minst ovanfor administrasjonen. Rådmannen og administrasjonen skal aldri, og vi gjentek aldri, blande seg inn i politiske prosessar eller kommentere politiske utspel med mindre det skjer i folkevald organ og det vert gjort med mål om å sikre ei forsvarleg sakshandsaming. Rådmannen er ikkje, og vi gjentek ikkje, bystyrets siste medlem, og skal ikkje meine noko om politiske utspel. Som rådmann må ein ta i mot politisk kritikk på ein sakleg måte: og ikkje sjølv svare med usakleg politisk kritikk.
For Framstegspartiet er og skal eit skilje mellom politikarar og byråkratar vere klårt og ufråvikeleg. Politikarar skal fortelje rådmannen korleis han eller ho skal gjere jobben sin, aldri omvendt! Har ein ambisjonar om ein rådmannsjobb må ein innfinne seg med at slik er det. Viss ikkje kan ein finne seg anna arbeid, eller sjølv prøve seg som politikar...

Flora FrP
Bystyregruppa