Elevane stilla svært gode og gjennomtenkte spørsmål, og viste tydelig at dei føl godt med og bryr seg om kva som skjer i kommunen vår. Det lovar godt for både dagens og framtidig politisk engasjement!
Ved neste kommuneval er dei aller fleste av dei kommen i stemmeberettiga alder. Det er berre å oppfordra dei til å nytta stemmeretten sin og å engasjera seg i eit politisk parti om dei har lyst til det. Vi tek iallefall imot alle som vil vere med oss med opne armar, og kan garantera at dei vert godt mottatt!
Til slutt er det berre å takka elevar og personale for god mottaking, og ikkje minst honnør til Marianne T. Osa, miljøarbeidaren, som tok initiativet til debatten.

