Kalender Sogn og Fjordane

25.03.11 10:28

Formannskapsmedlem Anders Magne Vik (Frp) meiner Stryn kommune må ta grep for å frigjere den mest attraktive tomta i Stryn sentrum.

Til Fjordingen seier Vik, som også er ordførarkandidaten til Framstegspartiet, at han vil rive Heradsheimen, og sanere Per Bolstad Plass. 

Frp-representanten tok opp saka då Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne fekk innføring i det pågåande kommuneplanarbeidet. Seksjonsleiar Steinar Nesdal synleggjorde i sitt innlegg behovet for areal i Stryn sentrum. – Kvifor skal vi spare Heradsheim? Bygget som vart oppført under krigen, er dårleg isolert og etter mitt syn lite pent. Heller ikkje Per Bolstad plass fungerer, hevda Anders Magne Vik.

Til Fjordingen utdjupar han påstandane. – I Stryn sentrum er det rive mange hus som er av større bevaringsverdi enn Heradsheim. Det har også vist seg uråd å få til aktivitet i bygget. Mitt råd er at kommunen riv Heradsheim og i same slengen sanerer Per Bolstad plass. – Plassen ligg i eit hol og fungerer ikkje som torg. Eg vil hevde at det er totalt vekkasta å bruke eit så verdfullt areal til noverande føremål.

Vik har foreløpig ikkje forslag til kva ein konkret skal bruke tomta til, men seier at dette er beste tomta i Stryn sentrum, og at det vil heilt sikkert kome spennande forslag på bruk av arealet. - Poenget mitt er at mange ting vil vere meir interessant enn det som står der i dag, seier han til avisa.