2. nestformann i FpU, Åge Austheim, kan melde at Framstegspartiets Ungdom er begynt å røre seg i Sogn og Fjordane igjen. Det er sett ned eit nytt styre med Erlend Bøe frå Florø som ny fylkesformann i tillegg til 3 nye styremedlemmer.
Dei 3 andre medlemmane av styret er Glenn Lunde frå Stadtlandet, Marius Reiakvam frå Naustdal og ordførarkandidat for FrP i Bremanger, Britt Dalsbotten.
Politisk nestformann i FrP, Frank W. Djuvik, og fylkesstyremedlem i FrP, Oddvar Reiakvam, sitt som vararepresentantar for å ha med litt erfaring. Desse to har drive FpU i ei årrekkje å veit utfordringane det nye styret står ovanfor.
Les meir på FpU sine nettsider

