Kalender Sogn og Fjordane

11.07.11 09:24

Førde FrP hadde stand i forbindelse med Førde Internasjonale folkemusikkfestival, og det var mange som tok turen innom standen. Det vart steikt opp 20 liter vaffelrøre og gjekk med ein god del liter kaffi på dei 2 dagane standen varte. Folk var svært positive og tok villig med seg både brosjyre og vaffel, og slo av ein prat med dei 6-7 FrParane som deltok.

fordestand2web.jpg

Nestleiar i Førde FrP, Rune Fauske, var godt nøgd med standen, til tross for dårleg vær på laurdagen. - Det finnst ikkje dårleg vær, berre dårleg bekledning, seier han. Sjølv var han ansvarleg for organiseringa av standen, og seier at alt gjekk etter planen.

- Det vart delt ut ca 500 brosjyrar, i tillegg til at vi snakka med veldig mykje folk. Kanskje var det lurt av oss å flytte standen over vegen frå der vi vanlegvis står, for det var meir trøkk enn vanleg, seier Fauske.

fordestand1web.jpg
fordestand3web.jpg