Kalender Sogn og Fjordane

04.02.07 18:52

Dokument nr. 15 (2006-2007), Spørsmål nr. 532, datert 02.02.2007
 
Fra Åge Starheim (FrP) til fornyings- og administrasjonsministeren
Til behandling

Spørsmål:
Samlokaliserte etatar i Førde (SEIF) har sendt ut konkurransegrunnlag der det vert bede om tilbod på nybygg på 5500 kvm. Formålet er å samlokalisere statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar. Resultatet er at det vert ståande enorme tomme lokalar i Førde, og offentlege midlar vert nytta til å øydeleggje for privat initiativ. Vil statsråden gå inn for å hindre ei rassering av eigedomsnæringa i Førde, ved å syte for at det vert iverksett ei konsekvensutgreiing av den planlagde offentlege utbygginga?

Begrunnelse:
Det er utsendt konkurransegrunnlag frå det som vert kalla Samlokaliserte etatar i Førde (SEIF), der tilbydarar kan melde seg på i kampen om å tilby egna lokalar til statlege, fylkeskommunale og kommunale etatar, som i dag leiger kontorlokalar i Førde. Plana er å sette opp eit nytt bygg på 5500 kvm.
Det er i dag i overkant av 15000 kvm ledige kontorlokalar i Førde sentrum, fordelt på ei rekkje utleigarar. Det manglar difor ikkje på konkurranse på utleigmarkedet av kontorlokalar i Førde. Fleire er i dag i ein situasjon der dei må leige ut til spottpris. Ei ny utbygging på 5500 kvm vil føre til ein katastrofal auke i kontorlokalitetar i Førde. Dette må nødvendigvis føre til at det vert ståande enorme mengder tomme lokalar i Førde, og prisane vil verte pressa under det som er drivverdig for eigarane/utleigarane. Dersom det ikkje er mogeleg å tene pengar på utleige av eksisterande lokalar vil dette gå ut over vedlikehald, som igjen kan medføre til stort forfall på bygningsmassen. Skulle dette verte framtidig situasjon i Førde vil det verte eit lite vakkert syn.
I dette tilfelle vil det vere det offentlege som forkludrar eigedomsmarkedet. Private aktørar vil aldri gå inn for å byggje nye lokaler der markedet er så metta som det i dag er i Førde. Beskuldningane vil kunne verte at det offentlege nytta skattebetalarane sine pengar for å øydeleggje for privat initiativ.
Med dagens byggeprisar er det lite sansynleg at ein vil oppnå billigare husleige ved å byggje sjølve, tvert i mot.
Ei konsekvensutgreiing før nybygg vert iverksett ville gje svar på korleis situasjonene på utleigemarkedet i Førde er i dag, og korleis situasjonen vil verte etter den planlagde utbygginga.