Stortingsrepresentant for Framstegspartiet, Åge Starheim, stilte spørsmål til samferdsleministeren om ho vil garantere at Fylkeskommunen fekk tilbake investeringsmidlar som dei eventuelt ville nytte på Olden-Innvik i 2012 viss Staten valde konsept SV-K10 som E39 trasé. Svaret frå Samferdsleministeren er ikkje berre negativt, det syner også at ein har teke med Fylkeskommunale investeringar når ein har rekna kostand for dei forskjellige alternativa.
Sjå også: Vil ha finansieringsgaranti frå Staten
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane FrP, Frank Willy Djuvik, meiner at det er respektlaust av Samferdsleministeren å kalkulere med Fylkeskommunale midlar til Staten sin stamvegprosjekt. - Som om vi ikkje har nok utfordringar på vegane som det er, så meiner altså Kleppa at vi skal "sponse" Staten sine vegar og. Det vert ikkje aktuelt, seier han.
Djuvik vil allereie onsdag foreslå at investeringane på Olden Innvik i 2012 og 2013 vert utsett til etter at endeleg traséval er gjort. Vi kan ikkje bruke 150 millionar av fylkesvegmidlane og påta oss rente- og avdragskostnader dei neste 20 åra, på ein veg som Staten muligens overtek. Korleis skal vi då ha midlar til nødvendige investeringar på dei vegane vi eventuelt må overta, seier han.
FrP vil også be om at estimatet for konseptet SV-K10 vert oppjustert med 150 millionar, slik at ein opererer med riktige tal på dei forskjellige alternativa.
Heile svaret frå samferdsleministeren:
Spørsmål nr. 361 til skriftlig besvarelse frå stortingsrepresentant Åge Starheim til samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa
Spørsmål:
”Statens vegvesen har lagt fram Konseptvalgutgreiing for strekninga Skei – Ålesund, der dei foreslår å leggje E39 i tunnel under Utvikfjellet, vidare med bru over til Svarstad, og vidare tilkopling til Kvivsvegen. Vil statsråden sikre at Sogn og Fjordane fylkes- kommune får refundert investeringsmidlar som vert knytta på RV60 Olden – Innvik dersom SV-K10 vert vald som konsept for E39 Skei – Ålesund?”
Svar:
Konseptvalutgreiing (KVU) for E39 Skei-Ålesund, KVU E39 Ålesund-Bergsøya og KVU E39 Bergsøya-Valsøya samt eit overbygningsdokumentet som bind dei tre KVUane saman, er no til ekstern kvalitetssikring KS1. Dokumenta er samstundes sende på lokal høyring. Regjeringa vil behandla saka etter at KS1 er gjennomført. Dei tre KVUane og overbygninga, rapport frå KS1 samt høyringsfråsegner vil danna grunnlag for regjeringa si behandling. Eg tar sikte på at regjeringa kan behandla saka medio 2012.
I følgje Statens vegvesen er det i KVU E39 Skei – Ålesund lagt til grunn at det vil vera behov for om lag 300 mill. kr til opprusting av dagens fv 60 mellom Innvik og Olden dersom konsept SV-K10 (eller 9) blir valt for vidare utvikling av E39 på strekninga Skei – Ålesund. Det er då lagt til grunn at det blir løyvd om lag 150 mill. kr til strekninga i 2012 og 2013, som føresett i føreliggjande forslag til fylkesvegbudsjett for 2012. Samla utbetringsbehov er følgjeleg rekna til om lag 450 mill. kr.
Ved ei eventuell framtidig omklassifisering av fv 60 til riksveg må dei ordinære reglane for omklassifisering gjelda. Dette inneber at det ikkje er aktuelt for staten å refundera eventuelle utgifter som fylkeskommunen har hatt til investeringar, drift eller vedlike- hald av den aktuelle strekninga før ei eventuell omklassifisering skjer. På same vis vil det heller ikkje vera aktuelt for staten å krevja at fylkeskommunen skal refundera statlege løyvingar til dei delane av dagens E39 som då eventuelt blir omklassifiserte til fylkesveg.
For ytterlegare informasjon eller kommentar:
Frank Willy Djuvik
Fylkesleiar SF FrP
Tlf 926 26 976
e-post: frank.willy.djuvik@gmail.com
blogg: http://djuvik.origo.no
facebook: www.facebook.com/fwdjuvik
Twitter: www.twitter.com/fwdjuvik

