Kalender Sogn og Fjordane

22.10.06 23:06

Statspoker med helse som innsats

 

Etter å ha høyrt innringingsprogrammet på NRK S&Fj. sist fredag, der Helse Førde svarte på lyttarane sine spørsmål, set eg igjen med følgjande inntrykk:  Her føregår det eit taktisk svarteperspel med pasientane som taparar. Bakgrunnen for mine påstandar byggjer eg på utsegner styreleiar Klara Øberg og dir. Jon Bolstad kom med på NRK sist fredag, og det som står i nyleg framlagt velferdsmelding og framlegg til statsbudsjett for 2007.

 

I den nyleg framlagte velferdsmeldinga står det ingen ting om framtidig innhald i lokalsjukehusa, sjølv om dette var lovt av Regjeringa. Meldinga beskriv utfordringane som kjem med eldrebølgja, og den set fokus på lengre levealderen. Vidare påpeikar meldinga behovet for ein styrka satsing på kronikarar og auka fokus på rehabilitering. Dette er oppgåver som meldinga pålegg helseføretaka å gjennomføre.

 

Så til svarteperspelet. Etter mitt syn torer Regjeringa ikkje å gjennomføre det som fagmiljøa anbefalar, nemleg å omstrukturere lokalsjukehusa til medisinske senter, som skal avlaste kommunane sine framtidige utfordringar. Etter mitt syn skuvar Regjeringa problema føre seg til etter kommune- og fylkestingsvalet neste haust. Bakgrunnen for denne påstanden er det faktum at Regjeringa i sitt framlegg til statsbudsjett for 2007 verken har innfridd balansekravet eller teke belastninga med å kome med konkrete pålegg om nedlegging av avdelingar. Les ein meldinga, der intensjonen er sterke fagmiljø innan spesialisthelsetenesta, er det ikkje vanskeleg å tenkje seg fram til kor henne avdelingar vil forsvinne. Utan meir pengar til helse, noko som det dessverre var lite av i Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett for 2007, må enten helsestatsråden oppheve sine avdelingsfredingar, eller føretaka må redusere drifta sterkt ved alle sjukehusa. Det siste vil raskt resultere i gigant-helsekøar.

 

Skiftande Regjeringar har sveltefora helsesektoren. Min påstand er at dette har dei gjort med ei helt klar målsetting, nemleg å tvinge fram systemendringar. Det starta med Høybråten, fortsette med Gabrielsen, og no Brustad. Under handsaminga av akuttmeldinga i 2001 slo fleirtalet i Helse- og sosialkomiteen, beståande av AP og H, det fast at kirurgi skal sentraliserast, noko som også medfører sentralisert akuttfunksjon. Dette prinsippet styrte Bondevik II-regjeringa etter, og mitt syn er at dette vert vidareført av dagens Regjering. Verktøyet som vert nytta er å ikkje slette helseføretaka si akkumulerte gjeld.

 

FrP hadde forventa at noverande Regjering, ut frå vallovnadar, hadde sikra sjukehusa dei nødvendige midlane for å få slutt på den rasering av helsetilbodet ein har vore vitne til. Vi var så naive at vi trudde Åslaug Haga med sin deltaking i fakkeltog skulle gje resultat. SP sin helsepolitiske talsmann, Rune J. Skjælaaen, skapte store forventningar i eit innslag på NRK S&Fj. før statsbudsjettet vart framlagt. No er Skjælaaen og andre sentrale SP-representantar tause. Regjeringspartia snakkar fortsatt om at ingen sjukehus skal nedleggast, men seier ingen ting om innhaldet. Det vert heller ikkje sagt noko om meir midlar til rehabilitering, som også vart lovt i valkampen, men som fortsatt har tronge kår i vårt fylke.

 

Det Regjeringa har prestert hittil er å skape utryggheit blant innbyggjarane. Redselen for å miste ein akuttberedskap med den nødvendige nærleik er stor blant folk i utkantane i fylket vårt. Dersom Regjeringa ikkje syter for auka løyvingar til helseføretaka når budsjettet for 2007 skal vedtakast, så er denne redselen heilt reell.

 

Åge Starheim

Stortingsrepresentant FrP