SØKNAD FRÅ HALVFJORDINGEN AS V/ PER M. KJELLESVIK OM Å FÅ MIDLAR FRÅ NÆRINGSFONDET.
Roger Nilsen (Frp) sette fram følgjande forslag:
”Kommunen stettar søknaden frå Halvfjordingen AS og løyver frå det kommunale næringsfondet 20.000 kroner i oppstartstilskott og 30.000 kroner til planlegging.”
RØYSTING:
Rådmannen si tilråding fekk 1 røyst.
Forslaget frå Roger Nilsen (Frp) fekk 5 røyster og vedteke.
VAL AV NYTT STYRET I VESTNORSK SENTER FOR BYGDEUTVIKLING 2008 - 2012
Leiar Audun Namtvedt (Frp)
BUDSJETT 2008 - ØKONOMIPLAN 2008 – 2011
Eige budsjettendringsforslag med meir økonomisk handlingsrom og penger til fleire tiltak enn dei øvrige partia.
FASTSETJING AV DEI KOMMUNALE AVGIFTENE
Forslag om kun indeksregulering av avgiftene, ikkje det usosiale og høge nivået kommunestyret vedtok etter ei omlegging av avgiftssystemet.
AUKE AV TIMETALET PÅ BARNESTEGET
Her jobba me for at timetalsauka skulle fordelast på alle klassesteg, med 5 dagars skuleveke med kortare skuledagar for alle elevar i dei lågaste klassetrinna. Gjekk inn på et kompromiss om å skjerma onsdagen for 1. og 2. klassesteg.
TILSKOT TIL FINANSIERING AV KONSEKVENSUTGREIING TUNNEL
SKÅNEVIK – ETNE
Roger Nilsen (Frp) fremma følgjande forslag:
”Etne kommune løyver inntil kr 500.000.- i tilskot som medfinansiering til utforming planforslag og KU i samband med ny tunnel Skånevik – Etne. Inndekning frå generelt disposisjonsfond 2569900. Tilskotet skal førast over til Tunnelselskapet til inndekning av 1/3 av påløpte kostnader til KU er ferdigstilt eller beløpsgrensa på kr 500.000.- er nådd.”
RØYSTING:
Tilrådinga frå formannskapet fekk 15 røyster.
Forslaget frå Roger Nilsen (Frp) fekk 6 røyster.
SØKNAD OM KJØP AV TOMT PÅ RYGG. NYTT TILBOD.
Roger Nilsen (Frp) fremma følgjande forslag:
”Etne kommune er villig til å selja tomta gnr 44 bnr 43 som tilleggsareal til gnr 44 bnr 44 for kr 50 000.-. Tomta skal nyttast i samsvar med gjeldande reguleringsplan, dvs til bustadføremål. Kjøpar må dekke alle overdragningskostnader (som vanleg, dvs. dokumentavgift og tinglysingsgebyr).”
RØYSTING:
Forslaget frå Roger Nilsen (Frp) samrøystes vedteke.
Tilrådinga frå rådmannen fekk ingen røyster og fall.
SØKNAD FRÅ STORDALEN VOGNLAG DA OM Å FÅ TILSKOT TIL
OPPSTART AV VERKSEMD.
Roger Nilsen (Frp) fremma følgjande forslag:
” Etne formannskap stettar søknaden frå Stordalen Vognlag DA og løyver kr. 20.000 i oppstartingstilskott frå næringsfondet til verksemda.
RØYSTING:
Forslaget frå Roger Nilsen samrøystes vedteke
SØKNAD OM DISPENSASJON TIL Å FRAKTE TØMMER MED TYNGRE
KJØRETØY PÅ VEGEN LURASUND - KVAMMEN SØKNAD OM
DISPENSASJON FRAKTE TØMMER MED TØMMER BIL PÅ VEGEN
LURASUND – KVAMMEN
Roger Nilsen (Frp) fremma følgjande forslag:
”Søkjar har driveplikt på garden, og må kunne driva på høveleg vis for å oppretthalda drifta.
1. Etne kommune skal innan rimeleg tid vurdera alternative midlertidige bruløysingar/fyllingar slik at dispensasjon for utkøyring av tømmer kan innvilgast.
2. I det fall ein ikkje kan oppfylla punkt 1 får søkjar dispensasjon for køyring med tom tømmerbil på strekningen Lurasund-Håheim til høveleg snuplass, og for tømmerbil med last på strekningen vest av Kvammen bru – Lurasund.
3. Kvammen bru tas inn i vedlikehaldsplan, jf. sak 039/07 for oppgradering av kommunale vegar.”
RØYSTING:
Tilrådinga frå rådmannen fekk 6 røyster.
Forslaget frå Roger Nilsen (Frp) fekk 1 røyst og fall.
SØKNAD FRÅ NORSK BANE AS OM STØTTE TIL UTREDNING OG
RAPPORT TIL NASJONAL TRANSPORTPLAN 2010-2019 I SAMARBEID
MED DEUTSCHE BAHN AG.
Vedtak mot Frp si røyst i formannskapet:
Formannskapet løyver kr. 30.000 frå det kommunale næringsfondet i støtte til utarbeiding av utredning og rapport til Nasjonal Transportplan 2010 – 2019 i samarbeid med Deutsche Bahn AG om høgfartstog.
ALKOHOLPOLITISK HANDLINGSPLAN 2008-2011
Utkastet til denne planen var ikkje sendt på høyring til dei berørte partane, og inneheld ein føresetnad om at Vindafjord gjorde dei same vedtaka på viktige områder. FrP foreslo derfor å utsetja handsaminga til etter ei høyringsrunde og eit felles gruppemøte med partia i Vindafjord. Dette fekk me ikkje gehør for. Me klarte heller ikkje å forhindra at skjenketida blei redusert, men var aktør i at reduksjonen berre blei det halve av rådmannen si tilråding.
FrP fekk i skjenkesakene fleirtal for at skjenketida skulle vera lik for inne- og uteservering, og at alle som har bevilgning skal handsamast likt mhp skjenketider.
ØKONOMISK SOSIALHJELP
FrP stemte for at barnetrygda ikkje kjem til frådrag på sosialhjelpssatsane.
PLEIE OG OMSORG – EVALUERING
FrP kjempar for ei styrking av grunnbemanninga, og gode vilkår for både brukerar av tenestene og ansatte i PLO.
GENERELT
FrP sine representantar har i mange saker fremma forslag og argumentert for «mannen i gata» i saker med negativ innstilling frå rådmann/administrasjon. I nokon saker vinn me fram, i fleirtalet av sakene der me prøver å hjelpa vanlege folk og næringsdrivande blir me nedstemt av dei øvrige partia. I andre saker kjempar me ein einsam kamp til fordel for fleirtalet av dei som kjem til å bli berørt av eit prosjekt.
FrP meinar fortsatt at Etne ikkje har råd til nytt kulturhus. Me har trykk på å få til ei løysing for hestesporten og me har stort fokus på m.a. samferdsle og vegvedlikehald, redusert avgiftstrykk, forsvarleg økonomisk handsaming og mot offentleg inngripen/overgrep i folks privatliv.
Aktivitetsnivået er høgt i kommunestyregruppa vår, og ikkje minst i komiteane...

