Kalender Sogn og Fjordane

20.10.07 23:57

Gruppeleiar, medlem av fylkesutvalet og medlem av Hovedutval for kultur vert ikkje uventa Jostein Kvalsvik frå Førde, i tillegg får han ei rekkje meir eller mindre viktige posisjonar i nemder, styrer etc. Men Kvalsvik vert ikkje den einaste FrParen frå Førde i Fylkespolitikken. Frank W. Djuvik held fram som medlem av Hovedutval for Samferdsle, og Anny Urtegård vert 2. vara til dette utvalet. I hovedutval for kultur, vert Paul Rimstad Thomassen 2. vara, og May Helen Hagenes 3. vara. Tek ein med at Britt Dalsbotten frå Bremanger også jobbar i Førde, så er det ei rein førdegruppe som skal jobbe med kultur.

Når det gjeld dei andre utvala, så vert Siri Bente Fuhr, frå Sogndal, medlem av kontrollutvalet, Svein Hansen, frå Selje, medlem i Hovedutval for Plan og Næring, og Elin Merete Førde, frå Bremanger, medlem av Hovedutval for opplæring.

Konstitueringa av fylkestinget skjer ikkje før tirsdag den 23. oktober, men mykje tyder på at dette vert resultatet.