Viss målinga hadde vore val ville det vore AP, SP og Høgre som hadde fått dei tre direktevalde representantane til Stortinget. Men Framstegspartiet, som har slitt på målingane det siste året, og gjorde eit dårleg kommune- og fylkestingsval, har dobbla si oppslutning frå valet i fjor haust, og ligg like oppunder valresultatet frå 2009, som var det beste i partiet si historie. I tillegg til dei tre direktevalde representantane, skal det også veljast eit utjamningsmandat frå fylket.
Arbeidarpartiet er størst i målinga, og får ein oppslutnad på 26,3%, som er ein tilbakegang på -3,3 prosentpoeng i høve stortingsvalet i 2009. Høgre er på denne målinga nest størst, og kan notere seg med ein framgang på heile 8,8% til 20,9%. Senterpartiet er partiet med størst tilbakegang med heile -5,0%, og ender med ein oppslutnad på 20,2%. Framstegspartiet ender på 15,1% som er ein tilbakegang på 0,7% i høve stortingavalet i 2009. KRF er stabile på 6,7% (-0,1), mens Venstre har ein liten framgang til 4,6% (+1,3). SV går tilbake med 1,9% og endar på 3,9%.
Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik, er nøgd med at tala for FrP no er i ferd med å peike oppover over eit år før stortingsvalet. – Det er svært mykje i denne målinga som gjer at motivasjonen vert løfta mange hakk. Berre det at vi no ser ut til å ha snudd den negative trenden frå i fjor er svært oppløftande, og held vi dette tempoet oppe så vil vi jo lukte på 30-talet ved valet neste haust, seier han spøkefult.
Men Fylkesleiaren åtvarar mot å bruke gode målingar som ei sovepute. – Ingen må være i tvil om at det er ein enorm jobb som skal gjerast det neste året viss vi skal sikre stortingsmandatet vårt i fylket. Det vil kreve mykje av heile organisasjonen, og alle må nok hente ut alt dei har av energi og entusiasme, viss vi skal lukkast, seier han.
Djuvik påpeikar at til tross for gode målingar, er det alltid valet som tel til sjuande og sist. – Innbyggjarane i Sogn og Fjordane fortener eit sterkt FrP etter valet neste år. Det er vi som utgjer forskjellen mellom AP og Høgre som stort sett har den same politikken, og viss vi skal få ei skikkeleg utbygging av vegar og infrastruktur, samt gode pleie- og omsorgstenester i kommunane som set verdighet føre kommuneøkonomi, ja då er det avgjerande at FrP vert store nok til å trekkje politikken i den retninga, avsluttar han.
I målinga er det også gjort geografiske målingar, som syner at det er relativt stor forskjell mellom regionane når det kjem til partival. I Nordfjord, som er mest ”blå”, er det Høgre som er største parti med 26,0% av stemmene, mens FrP i nordfjordkommunane fer nest størst med 21,5%. SP er 3. størst med 20,4%, mens AP slit i Nordfjord og er heilt nede på 15,5%.
I kystkommunane er den blå dominansen endå større. Her får Høgre heile 30,5% av stemmene, mens FrP kaprar 22,5% av veljarane. AP ligg på 20,7% på 3. plass, og SP havnar heilt nede på 13,1% oppslutning blant kystfolket.
I Sunnfjord er AP det klart største partiet med 28,3%, mens Høgre havnar på 23,4%. SP og FrP ligg tett med SP på 15,9% av stemmene og FrP med 14,5%. Også i HAFS-kommunane er det AP som er størst med 29,1%med SP som nummer to med 21,1%. Høgre får 20,1% av stemmene, mens FrP slit i regionen med berre 11,2% oppslutnad.
Indre Sogn kan framleis karakteriserast som ein raudgrøn bastion. Her får AP heile 34,7%, mens SP får ein oppslutnad på 24,4%. Høgre, som er heilt nede på 11,7% i regionen, er berre marginalt større enn FrP som får 11,3%.
Målinga er utførd 12. mars ved hjelp av automatiske telefonoppringingar, og det er 947 personar som har svart på målinga. Feilmarginen er +/- 3,2.
|
Barometer 12. mars |
12. mars |
2009 |
Endring fra valgresultat |
|
Parti |
|||
|
Arbeiderpartiet |
26,3% |
29,6% |
-3,3% |
|
Fremskrittspartiet |
15,1% |
15,8% |
-,7% |
|
Høyre |
20,9% |
12,1% |
8,8% |
|
Kristelig Folkeparti |
6,7% |
6,8% |
-,1% |
|
Venstre |
4,6% |
3,3% |
1,3% |
|
SV |
3,9% |
5,8% |
-1,9% |
|
Senterpartiet |
20,2% |
25,2% |
-5,0% |
|
Rødt |
,8% |
,9% |
-,1% |
|
Andre partier |
1,5% |
,4% |
1,1% |
|
Barometer Region |
Region |
||||
|
Sunnfjord |
Nordfjord |
Indre Sogn |
HAFS |
||
|
Dersom det var stortingsvalg i morgen, hvilket parti ville du stemt ? |
Ap |
28,3% |
15,5% |
34,7% |
29,1% |
|
Frp |
14,5% |
21,5% |
11,3% |
11,2% |
|
|
H |
23,4% |
26,0% |
11,7% |
20,1% |
|
|
Krf |
5,9% |
6,4% |
8,5% |
5,6% |
|
|
V |
5,2% |
4,9% |
3,3% |
5,0% |
|
|
SV |
4,8% |
2,6% |
4,2% |
3,9% |
|
|
Sp |
15,9% |
20,4% |
24,4% |
21,2% |
|
|
Rødt |
1,0% |
,8% |
1,4% |
,6% |
|
|
Andre partier |
1,0% |
1,9% |
,5% |
3,4% |
|
|
Barometer Kystkommunar (Selje, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll, Gulen, Solund) |
|
|
|
Kysten |
||
|
Dersom det var stortingsvalg i morgen, hvilket parti ville du stemt ? |
Ap |
20,7% |
|
Frp |
22,5% |
|
|
H |
30,5% |
|
|
Krf |
4,4% |
|
|
V |
5,1% |
|
|
SV |
2,2% |
|
|
Sp |
13,1% |
|
|
Rødt |
,7% |
|
|
Andre partier |
,7% |
|

Fakta om undersøkelsen:
Utfører: InFact
Populasjon: Sogn og Fjordane, innbyggere +18 år
Antall intervjuer: 1185, hvorav 947 som har oppgitt partivalg
Vekting: Kjønn, alder og partivalg 2009
Feilmargin: Maksimalt +/- 3,2 % - gjelder de som har oppgitt partivalg
Metode: InFact automatiske telefonintervjuer
Periode: 12. mars 2012

