Kalender Hordaland

08.06.08 01:01

Svar til Radøy Høgre, med ei aldri så lita utfordring !

Gruppeleiar Bauge i Radøy Høgre har i Strilen 5/6 eit spark til Radøy FrP om eigedomsskatten. Vi skjønnar at Høgre har så store problem med å svelgje denne kamelen at dei treng nokon å ta frustrasjonen ut på for at den lettare kan gli ned.

Radøy FrP låg fram eit alternativ til eigedomsskatt for første året i økonomiplanen. Det sa også underteikna i kommunestyremøtet. I løpet av dette året kan ein så arbeide vidare med andre tiltak som vil gje kommunen betre økonomi dei neste åra, men det krev at partia ”kjem ut or skapet” med sine prioriteringar og det er ikkje sikkert at det er så lett. Då kan ein kanskje ikkje lenger skjule seg bak at ”vi eigentleg er imot eigedomsskatt, men det er ikkje andre utvegar”. Økonomiplanen vert vedtatt kvart einaste år, denne gong for 2008-2011, neste år for 2009-2012 osb. Eigedomsskatten kunne vorte tatt oppatt neste år dersom ein ikkje fann å kunne prioritere annleis. Då hadde ein også hatt tid til å leggje fram den konsekvensanalysen partia etterspør når det gjeld auke i eigenbetaling og kutt. Dei er ikkje fullt så ivrige når det gjeld å få på bordet konsekvensar for innføring av eigedomsskatt. Det vert faktisk ikkje nemnt med eit einaste ord, og ein kan jo berre spekulere i kvifor. Vi reknar med at alle forstår at eigedomsskatten må betalast frå same lommebok som andre utgifter. Vår ”analyse” av konsekvensar ved innføringa er at andre ting kan veljast vekk dersom ein ikkje har økonomi til det, men det kan ikkje eigedomsskatten. Ergo kan eigedomsskatt sette folk i eit økonomisk uføre det ikkje er lett å komme seg ut av.

Høgre skriv heile tida at eigedomsskatten skal haldast på eit lågast mogeleg nivå. I utsettingsvedtaket på ein månad som dei fekk fleirtal for, stod det og at det skulle sjåast på kor ein kunne hente pengar. Denne perioden nytta FrP tydelegvis betre enn andre. Når vi så blir skulda for å komme med vårt A4-ark for seint, så fekk alle partia akkurat dei same nye tala på bordet, på akkurat same tidspunkt og frå same stad som FrP. Ein kan jo stilla seg spørsmålet om hensikta med 1. mnd utsetting når ein ikkje prøver å nytte dei tala som kjem ut av det.

 Radøy FrP sat seg inn i framlagt talmateriale og låg fram eit alternativ på bakgrunn av det. I vårt forslag låg også at momskompensasjonen skulle reduserast overført til investering på det udekka beløpet. Investeringsbudsjettet måtte så regulerast med auka låneopptak på vel 1,7 millionar for å få det heile til å gå opp, samt å ta ut Bygdeboka på 900 000 kr. Det lar seg gjere i år, men pga regelendringar kan det ikkje gjerast neste år. Dette er ein reell mogelegheit vi har full rett til å nytte oss av i år. Det veit også Høgre utmerka godt, då dette var ”redninga” for å dekke inn eit utsettingsforslag på eit år som først var tenkt framlagt, og det av fleire parti enn FrP. Med dette alternativet låner vi heller ikkje pengar til drift, slik enkelte framstilte det i møtet, vi aukar låna til investering med ca 4 %. Dei andre partia hadde ikkje noko nytt å komme med i møtet der eigedomsskatten vart innført. Dei hadde gjort sine prioriteringar og vi gjorde våre, og vi tek det som sjølvsagt at alle har rygg til å bera sine eigne val.

Til slutt vil vi utfordre Høgre om å konkretisere korleis dei har tenkt å halde eigedomsskatten på eit ”lågast mogeleg nivå”, og kva dei ligg i eit lågt nivå. No har dei hatt fleire avisinnlegg med angrep på FrP, utan ein einaste gong å ha vist til kva dei prioriterar for å halde eigedomsskatten låg, ein skatt som dei  ifølgje dei sjølv eigentleg er imot. Det tener dei lita ære. Når dei skuldar oss for å føre folk bak lyset når vi legg fram eit alternativt forslag, der folk faktisk får mogelegheit til å gjere sine eigne vurderingar på kva som tener kommunen best, er det minste vi kan forvente at Høgre sjølv legg fram korleis dei har tenkt å få budsjetta til å gå i hop. For vi reknar jo med at også Høgre har fått med seg at eigedomsskatt aleine ikkje løyser alle framtidige pengeproblem i kommunen. Då har i alle fall folk i Radøy  høve til sjølv å gjere seg opp ei meining på bakgrunn av faktisk framlagte forslag, og ikkje berre på bakgrunn av fine ord frå sjølvoppnemnde ”seriøse parti”. Tek de utfordringa?

For Radøy FrP, Lena Bø Nilsen, gruppeleiar