Kalender Sogn og Fjordane

Oppdatert 16.03.11 15:25

Situasjonen ved Fukushima anlegget i Japan aktualiserer kor viktig det er å utvikle kjernekraft som går vekk ifrå kjernekraft som baserer seg på fissilt materiale. Vi har ein gylden mulighet til å skape framtidas kjernekraft nettopp med Norsk kompetanse og norske ressursar i form av Thorium-forekomstar. Og for dei som trur at Thorium er noko i nærleiken av dagens uranbaserte kjernekraft: Det er det ikkje! FrP vil ikkje, hverken idag eller i framtida byggje tradisjonelle kjernekraftverk i Norge.

Det FrP derimot ynskjer, er at Norge bidreg mest muleg for å utvikle dei mulighetene som ligg i grunnstoffet Thorium, der vi faktisk er det landet som her dei 3. største kjende forekomstane i verda. I tillegg vert fagmiljøa i Halden og Kjeller ansett for å være i verdsklasse innan sikkerhet- og styringssystem. Halden-reaktoren er scene for eit av Norges største internasjonale forskningsprosjekt, med deltakarar frå 18 land. I tillegg har Norge stor kompetanse innan materialteknologi, som er sentralt i bygginga av kjernekraftverk.

FrP har ved fleire høve prøvd å løfte ein debatt om Thorium som framtidas kjernekraft, og på bakgrunn av det vart det også sett ned eit Thorium-utval som skulle sjå på dette. Høgre støtta framlegget frå FrP om at det skulle leggast fram ei stortingsmelding om saka, og Heikki Holmås (SV) har uttalt seg positiv til vidare forsking på Thorium.

Når FrP ynskjer å bidra til å utvikle Thorium-teknologi, så er det ikkje dermed gitt at vi ynskjer å byggje kjernekraft i Norge. Norge har store uutnytta ressursar innan fornybar energi, spesielt på vasskraft, olje og gass som gjer at vi kan produsere store mengder energi utan bruk av kjernekraft, berre vi får ei regjering som ser potensialet vi sit på. Men vi må også forholde oss til at mellom 15% - 20% av energien i verda kjem frå nettopp kjernekraft. Det utgjer 20 gongar meir enn heile den norske produksjonen. Det vil ikkje være muleg å fase ut denne energien med å satse på CO2-fangst og elektrifisering av sokkelen.

Grunnen til at det nettopp er Thorium vi bør satse på som framtidas kjernekraft er jo nettopp at dette vil eliminere risikoen for at noko slikt som no skjer i Japan skal kunne skje. Thorium produserer berre 5 % av avfallet som uranbaserte reaktorar gjer, og dette materialet er også radioaktivt i berre 1% så lenge som Uran. I tillegg treng Thorium-reaktorar ein ekstern energitilførsel for å kunne drive prosessen, i motsetnad til uran som forbrenn seg sjølv. Dette betyr at hvis strømmen vert kutta, så stoppar prosessen.

Viss vi i Norge trur at fordi vi ikkje satsar på kjernekraft, så er vi berga, så tek vi feil. I Sverige og Finland er det i dag uranbaserte kjernekraftverk som ved ei ulukke vil bety katastrofale følgjer for Norge. Ved å bruke dei mulighetene vi har, så kan vi være med å bidra til at det ikkje skjer. Thorium er ikkje det samme som dei fleste av oss forbinder med "atomkraft". Og når Norge har bidrege til å utvikle ein teknologi som vil gjere det både tryggare, og gje oss enorme mengder med klimanøytral energi, då skal ikkje eg personleg sette meg imot at det vert sett opp Thorium-kraftverk i Sogn og Fjordane. Men det vil nok være ein del 10-år til det er aktuelt.