- Det er klart at vi hadde håpa på eit endå betre resultat, men med tidenes beste resultat, så skal vi ikkje klage, seier 1. kandidat for Førde FrP, Frank W. Djuvik.
Det var 416 personar som valde å stemme på Framstegspartiet i Førde, og dette er 76 fleire enn for 4 år sidan. Det vart allikavel ikkje fleire enn 2 representantar også denne perioden.
Dei innvalde representantane:
Representant: Frank W. Djuvik, gruppeleiar
Representant: Anny Urtegård
1. vara: May Helen Hagenes
2. vara: Bjarne Kalstad
3. vara: Ramona Jakobsen
4. vara: Jostein Kvalsvik

