
Bystyret i Førde har allereie vedteke å finansiere den såkalla “Førdepakken” med innføring av ein bomring rundt sentrum. I tillegg til dette har ein vedteke å auke lånegjelda med fleire hundre millionar for å byggje nytt rådhus, noko som vil resultere i at eigedomskatten står i fare for å verte auka. Håkonsen fryktar for framtida
- Dei siste åra har veksten i Førde vorte mindre, og det er klart at ei kraftig auke i kostnadane med å bu og drive næring i Førde vil føre til endå lågare vekst. Viss ikkje FrP kjem i posisjon, slik at vi får stoppa bomringen og bygginga av nytt rådhus, ser eg mørkt på framtida, seier han.
Håkonsen meiner at det trengs ein ny tankegang i Førde. – I Førde har det vore tradisjon med å pålegge innbyggjarar og næringsliv rekninga når kommunen skal satse. Vi i Førde FrP meiner at det er på tide at kommunen ser på si eiga drift, og begynner å prioritere annleis.
-Det er sikkert kjekt med nytt rådhus, men viss det er innbyggjarane som skal måtte ta rekninga i form av høgare avgifter eller dårlegare tenester, så bør nokon få opp auga. Det er mange ledige lokale i Førde som kan nyttast til rådhus for ein langt billegare penge, enn det kostar å byggje symbolbygg, meiner Håkonsen.
Håkonsen meiner at den politiske og administrative leiinga i Førde har vore for dårleg til å fronte saker på vegne av Førde. – Kvifor har ikkje ordføraren kravd at “Førdepakken” vert prioritert? Spør han. – Eg trur innbyggjarane i Førde er lei av stadig nye avgifter og handligslamma politikarar. Og no har dei høve til å stemme på FrP for å hindre at Førde vert kjend som avgiftsbyen.

