Kalender Hordaland

30.07.07 21:53

Trygg skuleveg, svar til Emil Andre Erstad

 

Først vil eg orsake at svaret eg ga for nokre veker sidan ikkje var tydeleg, og dernest at andre lesarbrevet ikkje har vorte besvart før no, men eg har vore vekkreist.

 

Frp har som politikk at primæroppgåvene SKAL løysast før vi brukar pengar på andre ting. Med primæroppgåver meiner vi helse, eldreomsorg og skule. Dette har vi jobba for i alle år. Dette har vist seg i dei budsjetta FrP har fremja som alternativ til dei styrande parti sitt budsjett. Vi får alltid kun våre stemmar, og vi er det einaste partiet som faktisk har eit alternativt budsjett. Dei andre partia stemmer for det budsjettet dei får ”servert”.

Vi har ikkje særleg til overs for dei summane kommunen bruker på m.a kultur. Dette er det vi definerer som sekundæroppgåver, altså: Vi kan bruke pengar her HVIS dei primære tjenestene er tilfredsstillande. Det er dei stort sett aldri... Vi får alltid kritikk frå dei andre partia, fordi vi f.eks vil auke eigenandelane i musikk- og kulturskulen (MKS). Dette er ikkje noko som er nødvendig for å komme vidare i livet, slik som vanleg skule er, men kommunen ”sponsar” MKS med store summar. Då vert det ei diskusjonssak om kva tilbod vi vil at ungane skal ha mogeleghet for å delta i. Vi meiner at f.eks ein god skule og trygg skuleveg er viktigare enn ”billig og sponsa” musikkopplæring, sjølv om dette sjølvsagt er viktig for dei som nyttar seg av tilbodet, og som vert sagt i lesarbrevet: viktigare enn ”diverse kunstsenter”. Når kommunen har betre økonomi og gode primærtjenester, ja då vil vi sjølvsagt vere med å bidra til at vi har eit godt tilbod innanfor sekundærtjenestene og, men vi må ta det i rett rekkjefølgje. Slik det er no, vert det styrt etter Ole Brumm-prinsippet: ”Ja takk, begge delar.” Dette har vi etter vår meining ikkje økonomisk mogelegheit til i Radøy no. Vi ser på kommunen sin økonomi som vår eigen: Først må vi syte for at vi har tak over hovudet, mat på bordet og klær på kroppen. Om det då er pengar til overs kan vi reise på tur og kjøpe ny bil o.l...

Diverre er det ikkje så mange andre som er einig med oss. Kanskje det er for at dei seriøst meiner at kunst og kultur er viktigare enn ein god og trygg skule, eller så er det fordi at dei ikkje tør å kutte i denne posten, fordi dei veit at det vert ramaskrik? Eg har ofte undra meg over dette, iallefall, og må ærleg innrømme at eg ikkje alltid forstår logikken i prioriteringane dei andre partia gjer.

 

Uansett: det ser ikkje særleg lyst ut for verken primær- eller sekundærtjenestene i Radøy framover, for vi er snart tom for pengar. Det trengs ny tankegong i framtida om vi skal klare å snu den negative trenden. Det kan vi klare med å stramme taket, og ha ei knallhard hand på kor vi brukar pengar framover. Det kjem ikkje til å bli lett, men det er ikkje umogeleg. Men då må vi velge mellom eit ”passe godt” tilbod over alt, eller eit godt tilbod på primærfronten og eit dårlegare tilbod på sekundærfronten. Der er FrP heilt klar: helse, eldre og skule er det viktigaste, kultur og anna kjem i andre rekkje!

 

Eg kunne ramsa opp ein masse, men trur folk forstår kva vi meiner når vi seier at vi prioriterer primæroppgåver, så får dei heller arrestere meg om eg tar feil. Slik eg les lesarbrevet frå Erstad, er vi heilt einige i denne saka. Problemet er at FrP har 5 representantar av 25 og har ikkje fleirtal. MEN: til hausten er det valg. Då har innbyggjarane mogelegheit til å gje klart uttrykk for kva dei meiner er viktig at politikarane prioriterer ved å gå å stemme på det partiet dei meiner ivaretek deira interesser og ønskjer på best mogeleg måte.

Håpar dette var meir avklarande.

 

Mvh

 

Lena Bø Nilsen, gruppeleiar,Radøy FrP