Kalender Sogn og Fjordane

17.10.09 21:59

Ufin valkamp

Under valkampen såg vi til stadigheit statsminister Jens Stoltenberg med ei arrogant mine kritiserte oss i FrP fordi han meinte at vi ville bruke altfor mykje oljepengar. Han gjekk så langt at han beskulda oss for å rasere velferdsnorge med pengebruken vår.

På det tidspunkt Stoltenberg og andre regjeringsmedlemmar fortalte veljarane røvarhistorie om FrP sin pengebruk hadde Regjeringa allereide lagt rammene for sitt statsbudsjett for 2010. Når dei den 13. oktober la fram statsbudsjettet kom "katta" ut av sekken. Dei brukar nemleg mykje meir oljepengar enn vi i FrP ville ha gjort.

Kva vert det så av pengane. Ikkje er det nok pengar til kommunane, noko som nestleiaren i Sogn og Fjordane AP stadfestar i Fjordabladet.

Når det gjeld samferdsle er det rett at dei har løyvt ein del til dei vegane som staten har ansvaret for, nemleg stamvegane. For vårt fylke utgjer stamvegane ein liten del av antal kilometer veg. Sanninga er at frå 2010 skal fylka overta ansvaret for det som tidlegare var riksvegar, i tillegg til dei fylkesvegane som fylka hadde ansvaret for tidlegare. Vedlikehaldet på riksvegane som fylka har overteke har over tiår vore forsømt frå staten si side. Med løyvingane som fylka no har fått vil det ikkje vere midlar nok til eingong å ta igjen etterslepet på vedlikehald. Når så fylkespolitikarane med samferdsleministeren si fulle støtte vil bruke 1 milliard på Dalsfjordbrua, vert det for næringslivet og folk flest i Sogn og Fjordane i lang tid fortsatt å køyre på smale og dårleg vedlikehaldne vegar.

Det som i det framlagte statsbudsjettet vil smerte mest for folk i vårt fylke er overføringane til helse og sjukehus. Her har Regjeringa med all tydelegheit vist sin sentraliseringsiver. I klårtekst seier dei at her skal det sparast pengar, og viktige sjukehusfunksjonar skal sentraliserast. Vi i FrP meiner at folk i distrikta har rett til same helsetenester som det dei har i sentrale deler av landet. Men då trengs det meir pengar. Det er vi villege til å bruke for å oppretthalde folk sin tryggheit for liv og helse.

Når vi i FrP no beskuldar regjeringspartia for å ha dreve ein ufin valkamp er det fordi Regjeringa ikkje held dei lovanadar dei kom med i valkampen. I Soria Moria 1 lovde dei umåteleg mykje, noko dei i valkampen måtte innrømme at dei ikkje hadde innfridd. Men fekk dei fire nye år og eit nytt Soria Moria-eventyr, då skulle alt innfriast. Når dei no har presantert sitt budsjett, ser ein at det er puslete, både overfor kommunane, samferdsle på regionalt nivå og ikkje minst i helsesektoren.

Alle statsrådane var i valkampen fullstendig klar over kva budsjettet inneheldt, også når det gjaldt pengebruken. Likevel bruke dei store deler av valkampen til å beskulde FrP for ein uvetig bruk av oljepenger og rasering av velferdsstaten. Når budsjettet så kjem og regjeringa sin bruk av oljepenger er langt over det vi ville bruke, må ein ha lov å kalle regjeringspartia sin valkamp for ufin, med total uberettiga kritikk av FrP. Det skal verte svært interessant å sjå om veljarane om fire år på nytt er villege til å tru på fortsatt Soria Moria-eventyr.

Åge Starheim
Stortingsrepr. FrP