Åge Starheim (FrP) [22:30:41]: I ei tid då det populært vert sagt at næringslivet går så det grin, ei tid då statistikken viser nedgang i talet på arbeidsledige, opplever vi i mitt heimfylke, Sogn og Fjordane, at folketalet går ned. Dette bekymrar meg sterkt.
Etter mitt syn må industriarbeidsplassane vere berebjelkane i lokalsamfunnet. Trygge arbeidsplassar i industrien er heilt avhengig av langsiktige og føreseielege rammevilkår. Eg har sagt det i denne salen tidlegare, og eg gjentek det i dag. Eg vert stadig kontakta av industrileiarar som er fortvila over at rammevilkåra har endra seg i negativ retning i altfor stor grad og altfor ofte. Eg sakna konkrete utspel om rammevilkåra for næringslivet i statsministeren sitt innlegg tidlegare i dag.
Eg registrerer også signala som kjem frå næringslivet, spesielt transportnæringa, der det vert påpeika frustrasjon og fortviling over noverande regjering si haldning til å overføre store delar av kostnadane for framtidig vegutbygging til næringslivet og til innbyggjarane i form av eit utal bompengestasjonar som er planlagde rundt i heile landet. Vegutbygging er og må vere eit statleg ansvar fullt ut. Brukarane av vegane betaler meir enn nok allereie.
Ikkje minst kjem det sterke signal frå fiskebåtreiarane om deira vanskar. Dette er ei næring som har enorm tyding for Sogn og Fjordane, både på sjø og land. Reiarane er mellom anna svært spente på kva som vert resultatet av struktureringstiltaka i fiskeriflåten. Både Sogn og Fjordane Fiskarlag og Sogn og Fjordane Rederiforening har vore positive til strukturering, fordi dei ser dette som heilt naudsynt. På same måten som reiarane registrerer også eg at strukturutvalet har delt seg omtrent på midten i sitt syn på strukturering. For næringa vert det dermed særs viktig kva Regjeringa føretek seg i denne saka.
I Sogn og Fjordane er det eit inntektspotensial på rundt 700 mill. kr pr. år dersom ein får byggje ut planlagde småkraftverk. Mellom anna for mange bønder vil dette vere ei tilleggsinntekt som kan vere avgjerande for vidare drift. Etter mi meining er mange småkraftverk blitt stansa av det som eg vil kalle meiningslause miljøkrav. Dersom lokalsamfunna ikkje skal få lov til å utnytte sine naturlege ressursar, kva skal lokalsamfunna då leve av?

