Organisatorisk nestleiar i Sogn og Fjordane FrP, Lars Kjølen, er ansvarleg for satsinga som har vore arbeida med i nærare eit år. Etter mykje prøving og utarbeiding er han svært stolt av resultatet. Han meiner www.valtv.no er eit verkeleg kvalitetsprodukt. – Dette er svært brukarvenleg og kvaliteten er like god, om ikkje betre, enn nettavisene sine eigne TV-produksjonar, fortel han.

På www.valtv.no kan alle gå inn å sjå presentasjonar av kandidatane til Framstegspartiet, dei kan sjå presentasjon av politiske saker, og dei kan sjå presentasjon av kommunar. Men det Kjølen er mest nøgd med, er likevel muligheten til å følgje valkampen tettare enn nokon sinne før. – Vi kjem til å sende frå alle større arrangement og debattar som skjer i fylket, og då kan folk få med seg dei store hendingane i valkampen utan å måtte reise langt for å få det med seg, seier han.
I tillegg til at ein kan sjå FrP sine politikarar i aksjon, så kan ein også sjå dei andre politiske partia sine kandidatar i debattar ol. Allereie ligg det mykje stoff frå forskjellige arrangement og presentasjonar på www.valtv.no.
Ein eigen redaksjon med frivillige i Førde, saman med eit “utekontor” i Vågsøy, produserer og redigerer dagleg nye videoar som vert lasta opp på sida. I tillegg har ein “live-sendingar” når det er høve til det. – Vi er avhengige av at det er god breibandskapasitet der vi eventuelt skal sende frå, og det er langt frå tilfelle dei fleste satder. Vi klarer likevel å levere det i full HD-kvalitet på www.valtv.no allereie nokon timar etter arrangementet er avslutta, seier Kjølen.
- Det er viktig at vi får bodskapen om våre politiske løysingar ut til folk flest, og saman med våre svært gode nettsider, facebooksider, twitter og sider på andre sosiale medier, så er dette med på at vi tek eit kvantesprang for å få informasjon ut til innbyggjarane, avsluttar Lars Kjølen.

