Med 15,8% i Sogn og Fjordane gjer Framstegspartiet tidenes beste val i fylket. Vi har sikra stortingsmandatet i nye 4 år. Vi er faktisk største parti i fleire kommunar, og nest størst i endå fleire.
Endå meir gledeleg er det at Framstegspartiet og gjer sitt beste val nokonsinne i heile landet. Vi har no auka stortingsbenken vår fra 38 representantar til 41.
Venstre er den store taparen i valet, og dei er hovedårsaka til at ein ikkje får borgarleg fleirtall på stortinget. Lars Sponheim har tatt konsekvensen av at han har satt inn dei raud/grøne i 4 nye år, og har vald å trekkje seg. Dette vil nok skape eit mykje betre samarbeidsklima på borgarleg side.
Valkampen for neste kommune-, og fylkestingsval startar idag, så no er det berre å brette opp aramne å sette igang.

