17. august kjem Leiar i Framstegspartiet, Siv Jensen, på besøk til Florø og Førde.
Same dag gjennomfører vi Sogn og Fjordane FrP si offisielle valkampopning på torget utanfor Elvegåren i Førde frå kl 15:00 til kl 17:30. Her vil det, i tillegg til politiske appellar, verte utdeling av grillmat, vafflar, brus og kaffi.
I samarbeid med Førde FrP, arrangerer vi også eit folkemøte om bomringen i Førdehuset frå kl 18:00-20:30.
Programmet for dagen ser slik ut:
Bedriftsbesøk på Fjordbase
Møte med representantar for 45-minuttsregionen på Quality Hotel i Florø.
Synfaring på Flora omsorgssenter
Synfaring på KOA
Bedriftsbesøk på Firda produkt i Førde
Valkampopning med politiske appellar på torget utanfor Elvegården. Appellar av Siv Jensen, Fylkesordførarkandidat, Frank Willy Djuvik og Ordførarkandidat i Førde, Ove Håkonsen.
Folkemøte om bomringen rundt Førde, i Førdehuset. Innleiing av Rådmann i Førde, Siv Jensen og Frank Willy Djuvik. Alle ordførarkandidatane i Førde er invitert til å halde ein 3 minutts appell om Førdepakken og bomringen.
Ein kan også få informasjon om besøket på http://sf.frp.no og ein kan sjå innslag frå besøket på www.valtv.no i etterkant.
Vi streamer Valkampopninga direkte på vår eigen TV-kanal www.valtv.no
Følgjande deltakarar vil være med frå Framstegspartiet: Partileiar Siv Jensen, Fylkesordførarkandidat Frank Willy Djuvik, Valkampleiar Lars-Svein Drabløs, Stortingsrepresentant Åge Starheim. (I Florø vil også Lokallagsleiar Oddgeir Andersen og Gruppeleiar Bjarne Holme være med, og i Førde vil Ordførarkandidat Ove Håkonsen være med)
![]() |


