Kalender Hordaland

Oppdatert 29.08.07 18:43

Enkeltmennesket i fokus

Dette dokumentet syner Radøy Framstegsparti sitt program for perioden 2007-2011. Her kan du lese om kva prinsipp vi legg til grunn for vår politiske tenking og kva vi vil gjennomføre dei neste 4 åra.

 

Vi som representerer Framstegspartiet veit at jobben som folkevald er ein viktig og krevjande jobb, som ikkje kan verte halvhjarta utført. Jobben sluttar ikkje etter at vallokala har stengd, men startar nettopp då. Alt for mange politikarar gløymer sin ombodsrolle i det dei får makt, og blir nærast ein del av administrasjonen. Vi skal representera deg, uavhengig om vi kjem i posisjon eller opposisjon.

 

Vi ønskjer stemma di, slik at vi kan få større innverknad i Radøy Kommune og moglegheit til å utføre det oppdrag du som velgjer har gitt oss,  kvar dag fram til neste val. Framstegspartiet vil kjempe for at barn og unge skal få bu i eit samfunn som stimulerer og gjer ein god oppvekst. Vi ønskjer at ungdommen skal ha gode fritidstilbod og ein moderne skule. Vi ønskjer at alle barn skal ha eit fleksibelt barnehagetilbod. Vi ønskjer at familiar og einslege skal ha ein felles oppfatning av at Radøy er ein kommune som har plass til alle, og at det skal vere godt å bli gamal i Radøy.

 

Radøy som alle andre stadar består av enkeltindivid som er ulike. Derfor meiner vi at samfunnet må vere fritt. Eit fritt samfunn der ein erkjenner at alle er ulike, med ulik smak og ulike opplevingar som har forma deira syn på omgjevnadane.

 

Eit lokalsamfunn som skal overleva må utvikle seg, og utvikling er berre mogleg der det er rom for personleg fridom. Fridom til å skape, fridom til å vekse på eigne premissar uavhengig av politisk gunst og byråkratiet si godkjenning.

 

Skal menneskjer trivas i eit samfunn må dei ha moglegheit til livsutfalding. Det å kunne vekse som menneskje og kunne vise til resultat, gjer sjølvrespekt og ansvarskjensle, både overfor seg sjølv og sine medmenneskjer. Radøy FrP vil vidareføre den fridomstankegong som inneber at alle menneskjer har rett til å leve som frie og sjølvstendige individ, så lenge det ikkje grip inn i andres rett til det same. Berre då vil vi få eit meir rettferdig samfunn.

 

Radøy FrP vil framheve ein politikk som og handlar om moral og etikk. Vi vil vise forskjellen mellom rett og galt, mellom godt og vondt. Vi vil ta opp kampen mot det offentlege som vil styre den einskildes liv og tilrane seg fruktene av eit hardt og strevsamt arbeidsliv. Framstegspartiet i Radøy tek mål av seg å styre Radøy dei neste fire åra. Vi ønskjer å styre kommunen på vegne av deg som innbyggjar, ikkje som ein forlenga arm av administrasjonen. Vi ønskjer ein kommuneadministrasjon som er liten og effektiv, men med fleire varme hender som produserer tenester, ikkje papir. Det må vere kommunens overordna mål at tenestene er mest mogleg effektive, m.a. for å halde kostnadane og gebyra nede.

 

Gjennom dei neste sidene vil vi vise korleis vi har tenkt å dreie samfunnet i den retninga vi ønskjer. Vi vil vise kva punkt vi meiner må forandrast eller forbetrast for at samfunnet skal få nyte godt av fridom under ansvar.

 

Radøy FrP ønskjer deg ei god lesestund. Uansett kva politisk retning du måtte velje, så ta eit standpunkt. Godt val!

 

Ideologisk grunnlag - vårt grunnsyn 

 

Framstegspartiet i Radøy er eit liberalistisk parti. Det byggjer på Noregs grunnlov, norsk og vestleg tradisjon og kulturarv med basis i det kristne livssyn. Vårt hovudmål vil framleis vere å arbeide for sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlege inngrep.

 

Eit vitalisert Radøy – handlekraft

 

Radøy FrP vil arbeide for eit framtidsretta og vitalisert Radøy, som skal utvikle seg som eit lokalsamfunn med plass til alle, og med ein vilje til å utvikle seg i takt med nabokommunane. Vi vil arbeide for å leggje til rette for at næringsdrivande skal sjå på Radøy som ein interessant kommune å etablere seg i. Radøy kommune skal verte ein kommune som ønskjer nye innbyggjarar velkomne og Radøy skal vidareutvikle sin føresetnad som kommunen med tryggleik, trivsel og livskvalitet for alle.

 

Framstegspartiet vil arbeide aktivt for å begrense det kommunale byråkratiet, utbetre samspelet mellom kommune og innbyggjarar. Innbyggjarane i kommunen skal bli hørt i saker som grip inn i kvardagen.  Det skal vere kort veg frå enkeltmennesket til sakshandsamar i kommunen, for å finne løysinger på problem som folk flest strir med. Ein skal ikkje stå aleine mot kommunen. Kommunen er etablert for å gje service til innbyggjarane slik at ein kan oppnå det gode i livet ved å bu på Radøy. Kommunen er ein stor arbeidsgjevar, og produserer svært mange tenester som innbyggjarane er avhengig av. Vi har dei siste åra sett med stor bekymring på aukande sjukefråvær, og ønskjer at det regelmessig skal gjennomførast miljøundersøkingar i kommunen. Berre med nøgde og dyktige medarbeidarar, vil kommunen sine innbyggjarar få ein kvalitet på tenestene som dei fortener.

 

Framstegspartiet vil arbeide for å prioritere kommunen sine primæroppgåver; undervisning, helse og omsorg.

 

Radøy FrP ønskjer at kommunen i langt større grad bruker Ja-stemplet, og gje innbyggjarane fridom til å realisere sine ønskjer.

 

Dei økonomiske ressursane som kommunen forvaltar tilhøyrer innbyggjarane. Framstegspartiet vil difor arbeide aktivt for at kommunen brukar skattebetalarane sine pengar på ein så fornuftig måte som mogleg, ved å gje innbyggjarane den nødvendige tryggleik, helse- og velferd gjennom å prioritere primæroppgåvene først.

 

Framstegspartiet seier:

  • Ja til å innføre svarfrist på 48 timar på alle hendvendingar til kommunen. Svaret skal opplyse om kor tid saka vert handsama, og kven som er sakshandsamar.
  • Ja til kort sakshandsaming i Radøy. Det vert etablert ein regel om at enklare saker handsamast innan 3 veker. For større saker skal søkjar umiddelbart informerast om handsamingstid.
  • Ja til å nytta IKT i ein mykje større grad som informasjonsverktøy for innbyggjarane. Vi ønskjer ein døgnopen kommune.
  • Ja til ei streng økonomistyring. Det skal ikkje driftast med underskot.
  • Ja til å redusere det kommunale byråkratiet.
  • Ja til klare skiljelinjer mellom politisk leiing og administrativ leiing i kommunen.
  • Ja til ein meir framtidsretta kommuneplan. Ved å verne dei områda som er i ålmenta sine interesser t.d. for natur og friluftsliv, kan resten opnast opp for t.d. bustadar. = færre dispensasjonssøknadar, ergo mindre byråkrati.

 

Undervisning og barnehage

 

Framstegspartiet vil prioritera barna i Radøy. Det tyder mykje for våre barn si utvilking kva stimulansar dei får når dei er små. Det er sjølvsagt foreldra som må ta hovudansvaret for barnas utvikling, men frå dei første spedbarnskontrollane, via barnehagar, grunnskule og SFO, er det ikkje få timar kommunen har ansvar for barna våre. Det er difor avgjerande at kommunen er sitt ansvar bevisst, og syt for at det er gode tenestetilbod tilpassa det enkelte barn.

 

I ein kommune som Radøy er det viktig at foreldra føler seg trygg på at barna har det trygt og stimulerande alle dei timane dei er vekke frå heimen. Framstegspartiet  vil arbeide for at alle skal ha eit slikt tilbod. Vi tek og inn over oss at i dagens familiar er i stor grad begge foreldra yrkesaktive, og mange har sitt arbeid utanfor kommunen. Vi vil difor arbeide for at barnehaganes opningstid er betre tilpassa foreldra sin arbeidssituasjon, dersom det er trong for dette. For å sikre at alle får det barnehagetilbodet dei har bruk for, vil vi framleis arbeide for at offentlege og private barnehagar skal sidestillast, dersom dette vert eit alternativ.

 

Vi vil i tida frametter prioritere ny Sæbø Skule og vedlikehald av dei andre. Vi vil og arbeide for at elevane i Radøy-skulen får dei aller beste læremidlar, slik at dei står best mogleg rusta i framtida. Vi har ikkje råd til å la barna henge etter i IKT, difor ønskjer vi å fortsette IKT-satsinga i skulane ved å prioritere fleire elev-pc`ar og tilrettelagt undervisning som tar høgde for at ingen elevar er like.

 

Radøy FrP ser på ungdomen som ei ressurssterk gruppe. Dei aller fleste ungdomane i Radøy har eit positivt oppvekstmiljø, der heim, skule, fritidsaktivitetar, idrett og foreiningsliv er viktige element. Diverre vil det alltid vere nokon som fell utanfor desse naturlege positive oppvekstmiljøa. Vi ser det som naturleg og påkravd at foreldre, foreiningar, lag og kommune samarbeider aktivt for å forhindre at ungdomskriminalitet, rusmiddelbruk og utvikling av destruktive og voldsprega miljø får rotfeste i Radøy, og at vi arbeider for å tilby den uorganiserte ungdomen eit tilbod og.

 

Framstegspartiet seier:

  • Ja til å oppretthalde dagens skulestruktur.
  • Ja til eit betre samarbeid mellom skular og næringsliv.
  • Ja til å bruke meir pengar på skulemateriell.
  • Ja til å syte for at undervisningsmateriell og undervisningslokale til ein kvar tid er oppdatert og vedlikehaldt.
  • Ja til å få meit IT- kompetanse og IT-utstyr inn i skulane.
  • Ja til full barnehagedekning.
  • Ja til dei som ønskjer å byggje private barnehagar, og likebehandla kommunale og private barnehagar. 
  • Ja til aktivitetar for den uorganiserte ungdomen.
  • NEI til mobbing og vald - skulane skal ha eit strengt regelverk for orden og åtferd.

Næring og arbeidsliv – på lag med næringslivet

 

Næringslivet har trong for generelle og stabile rammebetingelsar som gjer moglegheit for vekst for lønsame, kreative og tilpassingsdyktige verksemder i Radøy. Vi ønskjer å kunne tilby næringslivet det best moglege arbeidsgrunnlaget. Framstegspartiet vil føre ein liberal næringspolitikk, og sikre rask, positiv og velvillig sakshandsaming frå kommunen si side. Kommunen sin arealpolitikk bør utformast slik at den fremjar nyetableringar og utvidingar.

Radøy FrP vil arbeide for at det er nok ferdig regulerte tomtar til næringsføremål. Vi vil og stille oss positiv til bruksendringar, byggjesøknadar, løyvesøknadar og liknande frå næringslivet.

 

Samferdselsårene på Radøy er særs viktige rammevilkår for verksemdene våre. Vi vil arbeide aktivt for at våre kommunale -, fylkes – og riksvegar prioriterast for vedlikehald. Vi vil nytta våre regionale og sentrale representantar for å øve press på sentrale styresmakter, slik at Radøy og får eit vegnett som er tenleg. Brukarfinansiering gjennom bompengar vil vi til ein kvar tid gå sterkt i mot, der det ikkje finns alternativ gratis omkøyringsmogelegheiter.

 

Radøy FrP meiner at landbruket har hatt og skal framleis ha ein viktig rolle på Radøy. Den store auken i nedlagte gardsbruk er ei svært uheldig utvikling. Første bod for å oppretthalde landbruket, vil vere å sei ja til frådelingar av husetomtar der det er eit ønskje, slik at neste generasjon får moglegheit til å byggje på garden. Ein frådelt tomt gjer ein stor økonomisk tryggleik for ungdom som ønskjer å overta.

Radøy FrP ønskjer ein landbrukspolitikk der ein går over frå politisk overformynderi til å sjå bonden som ein sjølvstendig næringsdrivande. Vi tar inn over oss at landbruket må tenkje nytt og kreativt. Likeeins som det øvrige næringsliv, der det er heilt vanleg å etablere eit eige driftsselskap og eit eigedomsselskap for å tryggje eigedom, vil Radøy FrP stille seg positiv til henvendelsar om å frådele eigedomar slik at bonden har økonomisk tryggleik og moglegheit til å satse på det som er mest gunstig for det enkelte bruk. Det er gardbrukaren sjølv som veit kva moglegheiter som ligg i sin eigedom, og Radøy FrP vil ikkje vere til hindring for at eigedomen og drifta sitt potensiale nyttast fullt ut.

 

 

Alkohol/skjenkepolitikk

 

Radøy FrP ønskjer ein liberal skjenkepolitikk med stikkordet ” fridom under ansvar.”

Skjenkeløyve skal vere lett å få, men og lett å miste dersom ikkje alkohollova vert etterlevd. Radøy FrP ønskjer lik opningstid innanfor lova si ramme for aktørane i bransjen. Framstegspartiet går imot forskjellsbehandling.

 

Radøy FrP vil satse på førebyggjande opplysningsarbeid og jamlege kontrollar for å redusere ulemper og moglege skadeverknader, samt hindre misbruk. Førebyggjande og haldningsskapande arbeid ovanfor ungdom er ei oppgåve Framstegspartiet meiner skulane og foreldra har hovudansvaret for.

 

Radøy FrP vil bidra til at vinmonopolet etablerar seg på Manger. Innbyggjarane i Radøy legg gjerne mykje av handelen til Knarvik eller Åsane, som har eit meir heilskapeleg handelstilbod. Radøy FrP ønskjer difor å avgrense denne lekkasjen ved m.a. å søkje om vinmonopolutsal på Radøy.

 

Framstegspartiet seier:

·         Ja til ein offensiv næringspolitikk

·         Ja til å stille kommunale areal tilgjengeleg for næringsutvikling.

·         Ja til gode rammevilkår for næringslivet.

·         Ja til forenkla og rask sakshandsaming, der næringslivet rettar søknadar til kommunen.

·         Ja til å korte ned vegen mellom næringsaktørar og beslutningstakarar i kommunen.

·         Ja til tett samarbeid mellom kommune og næringsliv.

·         Nei til eit offentleg maktmisbruk og syte for at alle får like moglegheiter til å konkurrere om kommunale oppdrag, ved kommunale kjøp av varer og tenester og ved offentleg tilbods – og anbodsrundar.

·         Ja til ein gradvis reduksjon av eigedomsskatten, for på sikt å fjerne den heilt.

·         Ja til næringsfond.

 

Helse, omsorg og sosiale tenester

 

Sosialpolitikk

 

Radøy FrP går inn for ein sterk innsats for å hjelpe menneskjer i sosial naud. Sosialpolitikken må utformast slik at den ivaretar menneskjer med ei reell trong for hjelp. Radøy FrP vil understreke at kvart enkelt menneskje har hovudansvaret for seg sjølv og sine næraste, mens det offentlege har ansvar for dei som ikkje er i stand til å ta vare på seg sjølv. Det bør førast ein politikk som stimulerer dei unge til å delta i samfunnslivet. Førebyggjande arbeid er særs viktig.

 

Barnevern

 

Radøy FrP meiner det er foreldras ansvar og plikt å gje barna ein god og trygg oppvekst. Diverre finns det tilfelle der foreldra av ulike grunnar, over korte eller lange periodar, ikkje maktar å gje barna den omsorg dei treng. Barnevernstenesta skal ta vare på barna sin rettstryggleik, og ha fokus på kva som er barna sitt beste.

 

Barnevernstenesta skal og ivareta foreldra sin rettstryggleik, og bidra til å setje foreldre i stand til å ta vare på barna sine og gje dei den omsorg dei fortener. Etter Radøy FrP si meining skal barnevernet vere eit hjelpeorgan for familien i samarbeid med foreldra, så lenge dette er til barnets beste.

 

Funksjonshemma

 

Radøy FrP meiner at personar med funksjonshemmingar skal, så langt det er mogleg, ha like gode moglegheiter til å fungere i samfunnet som funksjonsfriske. Forholda bør difor leggjast til rette for den funksjonshemma både i heime -. skule – og arbeidssituasjonen, basert på den enkeltes trong. I Radøy skal universell utforming leggjast til grunn for all planlegging av offentlege bygg og uteareal.

 

Psykisk utviklingshemma

 

Radøy FrP meiner at psykisk utviklingshemma må, så langt det lar seg gjere, ha like store moglegheiter til å fungere i samfunnet som andre. Forholda bør difor leggjast til rette og baserast på den enkelte/ pårørandes trong. Radøy FrP er positiv til bukollektiv der personar med funksjonshemmingar på same nivå kan bu saman og hjelpe kvarandre.

 

Psykiatri

 

Et land sitt etiske og moralske verdigrunnlag avspeglast m.a. i måten menneskjer med psykiske lidingar vert behandla. I denne samanheng er integrering, avstigmatisering og allminneleggjering sentrale og naudsynte begrep.  Til tross for meir openheit, er teikn på stigmatisering framleis tilstades i det norske samfunn. Unyanserte antakelsar og utsegn i media og samfunnet for øvrig, er med på å oppretthalde oppfatninga av menneskjer med psykiske lidingar som noko mindreverdig, skambelaga og truande. Personar med alvorlege psykiske lidingar er blant dei som har dei dårlegaste levekåra. 

Dei har dårleg økonomi og ofte vanskeleg for å skaffe seg bustad, arbeid og vener. Mange lever isolert og har berre samvær med familie og hjelpeapparat. Radøy FrP meiner difor at det er viktig å styrkje den psykiatriske omsorga.

 

Integrering av flyktningar/asylsøkjarar

 

Radøy FrP er innstilt på å hjelpe flyktningar/asylsøkjarar, men meiner primært at desse beste kan hjelpast i sine geografiske og kulturelle nærområde. I staden for å busette flyktningar/asylsøkjarar i Noreg, bør Noreg medverke til å dekke utgiftene til flyktningmottak i nabolanda, eller andre nærliggjande område. Radøy FrP støttar derimot at Noreg tek i mot ei avgrensa mengde overføringsflyktningar, godkjende av FN.

 

Radøy Kommune sitt mottak av flyktningar skal ikkje vere større enn at integrering kan gjennomførast. Familiegjenforening må og takast med i vurderinga. Radøy FrP krev at alle som vert busett i Radøy skal gjennomføre det 2-årige introduksjonsprogrammet for flyktningar, og at kommunen får dekka alle kostnadar med integrasjonsarbeidet frå staten.

 

Eldreomsorg

 

Radøy FrP vil sette dei eldre først når kommunale midlar skal fordelast. Kommunen skal ha eit best mogeleg utbygd hjelpe- og serviceapparat. Radøy FrP vil auke antal institusjonsplassar så lenge det er trong for det, og ser det heilt naturleg at ingen skal måtte bu på dobbeltrom mot sin eigen vilje.

 

Eldre menneskjer er ein ressurs for kommunen, ikkje minst på grunn av si lange arbeids- og livserfaring. Radøy FrP tar difor sterk avstand frå dagens tendens til umyndiggjering av menneskjer utelukka på grunn av høg alder.

 

Radøy FrP sitt mål er å gje alle ein reell valfridom. Vi trur på enkeltmenneskja og dette kombinert med kravet om ein verdig alderdom vil alltid vere eitt av våre hovudmål. Ved ei godt utbygd heimeteneste, vaktmeister og transportteneste, matutkøyring og aktivitetstilbod skal dei som ønskjer det, kunne bu i sin eigen heim så lenge dei sjølv ønskjer det.

 

Radøy FrP er som på andre område i politikken og her mest oppteken av kvaliteten på tenestene og at dei vert utført best mogeleg, ikkje kven som utfører dei. Vi stiller oss difor positive til private løysingar og samarbeid med friviljuge organisasjonar.

 

Radøy FrP vil arbeide for at avgiftene og gebyra vert redusert, spesielt i forhold til helse- og sosiale tenester.

 

Framstegspartiet seier:

 

  • Ja til førebyggjande tiltak i heimen
  • Vi ønskjer å tilby enkeltrom til dei som ønskjer det
  • Ja til å auke grunnbemanninga og styrkje heimetenesta
  • Sjølvstyrte institusjonar med brukaren med i styret
  • Radøy må ha tilstrekkjeleg med kortidsplassar til avlastning for dei som påtek seg omsorgsoppgåver
  • Alle med trong for heildøgns omsorg skal sikrast plass på Velferdsenteret eller i omsorgsbustad
  • Eldrerådet er ein ressurs med viktig kompetanse innan spørsmål som angår kommunen sine eldste
  • Ja til privat initiativ til bygging og drift av seniorbustadar og eldreinstitusjon
  • Ja til helse- og trivselsreiser

 

Miljø og samferdsle/ Areal og busetjing

 

Radøy FrP er framleis den sikraste garantisten mot inngrep i eigedomsretten og vil til ein kvar tid gå sterkt i mot innføring av eigedomsskatt i Radøy.

 

Radøy har ei stor trong for auka tilflytting av nye innbyggjarar, og vi vil legge til rette for at det skal vere tilgjengelege husetomtar.

 

Radøy FrP vil jobbe aktivt for å unngå dyre planar og tiltak der utgiftene i sin heilskap må berast av innbyggjarane i form av stor avgiftsauke, eller kutt i sentrale tenester.

 

Radøy FrP er prinsippfast i sitt syn på at alle kommunaltekniske avgifter skal reknast ut i frå sjølvkostprinsippet. Radøy FrP er din garantist for at VAR- utgiftene skal haldast på eit lavast mogeleg nivå.

 

Radøy FrP vil vere ein pådrivar for tryggare skulevegar og arbeide aktivt for ein vidare utbygging av gang- og sykkelvegar for å gjere heile kommunen trafikksikker. Radøy FrP vil gå aktivt inn for å frigjere midlar til ein raskare utbygging i dei delane av kommunen der gang- og sykkelstiar ikkje finns, og meiner dette best kan løysast ved at ein velgjer enklare og mindre prestisjetunge løysingar. Radøy FrP vil arbeide for at ein vel løysingar som avgrensar inngrep på privat eigedom.

 

 

Framstegspartiet seier:

 

  • Vi vil arbeide for at den ytre ringvegen som skal binde saman oljesentra på Mongstad og i Øygarden via Radøy, vert ein realitet
  • Nei til bomstasjonar, der det ikkje er alternativ gratis omkøyringsmogelegheit
  • Ja til betre vedlikehald av vegane
  • Ja til god beredskap på vintervegen
  • Ja til fleire fortau og fleire veglys på Radøy

 

  • Ja til auka bustadbygging
  • Ja til private reguleringsplanar der desse ikkje krenkar andre sin eigedom
  • Tilretteleggje tenlege industriområde i samarbeid med industrien
  • Det må bli lettare å få byggje hus på gardsbruk. Dette vil gjere det enklare for neste generasjon å overta gardane
  • Ja til å innføre Enøk-tiltak i alle kommunale bygg
  • Ja til alternative energiverk på Radøy, som t.d. vindkraft, bølgjekraft og vasskraft
  • Ja til gratis hogst av skog i kommunale felt
  • Nei til kraftline i luftspenn. Den må leggjast i jord
  • Det må sjåast på tiltak for å komme problema med Sitkagrana til livs

 

  • Vi må redusere sakshandsamingstida
  • Vi skal bli ein JA-kommune
  • Kommunale avgifter skal bereknast etter sjølvkostprinsippet
  • Ja til sal av kommunale eigedomar som kommunen ikkje treng sjølv. Vi skal ikkje sitje med ein stor eigedomsmasse som kostar store summar i vedlikehald
  • Ja til ei løpande vurdering av ein best mogleg effektiv bruk av kommunens ressursar, organisering og tilsette
  • Ja til i størst mogleg grad søkje å konkurranseutsetje kommunale tenester dersom det vil gje ein god og rimelegare løysing
  • Nei til å innføre eigedomsskatt på bustad i Radøy
  • Ja til ei streng økonomistyring. Kommunen skal ikkje driftast med underskot.
  • Ja til å vurdere sal av kommunens andelar i BKK. Fellesskapets midlar må forvaltast slik at det gjer best mogleg avkastning
  • Ja til større bruk av OPS (Offentleg Privat Samarbeid)

 

Turisme

 

Radøy FrP går inn for ei sterkare satsing på sommarturisme. Radøy Kommune må styrkja tilrettelegginga og marknadsføringa av kommunen sine turistmål. Stasinga på turisme må skje gjennom fylkes- og regionsamarbeid, på tvers av grenser. Radøy bør freista samarbeid med kommunar som har lykkast med å legge til rette for turisme. Tilrettelegging av turisme må gjennomførast i samarbeid med lokalt næringsliv og friviljuge organisasjonar.

 

Framstegspartiet seier:

  • Ja til å styrkje marknadsføringa av Radøy som ein turistkommune, og leggje forholda til rette for idear og aktivitetar som gjer kommunen meir attraktiv.
  • Vi er positive til utbygging av fleire overnattingsstadar, sjøbuer, utleigehytter o.s.v.
  • Vi er positive til bubilparkering og campingplassar.

 

 
 
 
Skattlegging  av innbyggjarane

 

Framstegspartiet går inn for ei sterk nedsetjing av skattar, avgifter og offentlege inngrep. Byråkratiet veks stadig, og ein alt for stor del av innbyggjarane sine pengar går til administrasjon.

 

Vi er sterkt imot av at kommunane kan krevje inn skatt på eigedom. Utgifter knytt til å bu i eigen bustad er høge nok i Radøy, slik at ein bu-skatt på toppen, vil vere direkte urimeleg. Dei kommunale avgiftene som denne skatten er tenkt å dekke, er i dag belasta i form av kommunale vatn – avlaup - og renovasjonsgebyr (VAR), og ei evt. innføring av eigedomsskatt må difor sjåast som ei dobbel skattelegging. Vi vil difor gå i mot ei kvar vurdering av eigedomsskatt.

 

Framstegspartiet seier:

  • Nei til å innføre eigedomsskatt på bustad i Radøy.
  • Nei til avgiftsauke på VAR- områda dersom ikkje sjølvkostprinsippet legg til grunn.
  • Ja til effektivisering og konkurranseutsetting innan VAR- sektoren.
  • Nei til kommunal forretningsverksemd på område der private selskap, gjennom fri konkurranse, vil vere ei god og rimelegare løysing.
  • Ja til ei løpande vurdering av ein best mogeleg effektiv bruk av kommunen sine ressursar, organisering og tilsette.
  • Ja til rasjonalisering, og i størst mogeleg grad søkje å konkurranseutsetje kommunale tenester, der det vil gje ei like god og rimelegare løysing.

 

 

Kyrkje, kultur og fritid

 

Mykje av folk sin trivsel er knytt til opplevingar på det kulturelle området. Lag, foreiningar og enkeltmenneskjer gjer ein framragande innsats for å tilby eit variert utval av ting å gjere i kommunen vår. Radøy FrP vil støtte og oppmuntre til framleis friviljug innsats og vere positive til pengestøtte som støttar opp under dette. Kommunen skal vere ein støttespelar og samarbeidspartnar for lag og foreiningar, yte økonomisk stønad ved trong og stille kommunen sine areal og bygg til disposisjon når dette passer.

 

Radøy FrP vil leggje vekt på at kommunen si støtte til kultur og fritidssysler skal komme flest mogeleg til gode. Det vil sei at vi vil prioritere aktivitetar som fangar opp ein bredde i folket, medan dei med særskilde ønskjer i større grad vil måtte dekkje dette sjølv.

 

Framstegspartiet seier:

·         Ja til å auke tilskotet til frivillige lag og organisasjonar

·         Den uorganiserte ungdommen må og få eit tilbod. ”Ungdommens hus” må inn att på dagsorden

·         Ja til kultur som omfattar flest mogeleg

·         Ja til forsvarleg drift og vedlikehald av kyrkjene våre

·         Musikk og kulturskulen må i større grad driftast etter sjølvkostprinsippet

·         Ja til å styrkje aktivitetar i nærmiljøa, ved å m.a. utvikle meir formelle samarbeidsordningar med velforeiningar o.l., samt gje desse økonomisk støtte til tiltak og verksemd i nærmiljøa.

·         Nei til at dugnad og anna inntektsgrunnlag vert skattlagt.

 

 

 

Våre kandidatar:

 

1.      Lena Bø Nilsen

2.      Ole Kristoffer Tveiten

3.      Bodil Nora-Masine Sjursen

4.      Tore Martin Hamre

5.      Geir Taule

6.      Arild Tveranger

7.      Harald Seilfaldet

8.      Trond Morten Marøy

9.      Ruth Myking

10.  Remi Marøy

11.  Øystein Seilfaldet

12.  Britt Jakobsen Sylta

13.  Ståle Myking

14.  Kirsten Olaug Ulvatn

15.  Willy Gundersen

16.  Roy-Anders Bø Nilsen

17.  Morten Solen

18.  Frode Myking

19.  Irene Hamre

20.  Trond Kvalheim

21.  Aina Bø Nilsen

22.  Wenche L. Kalnes

23.  Asbjørg G. Bø

24.  Gunnvor Tonning