Kalender Hordaland

30.07.07 21:47

Veg for framtida, med eller utan bom?

 

I nh 6/1-07 går varaordfører Ragnar Floen(Ap) ut med alternativet at Radøy og evt.Austrheim kan kjøpe seg fri frå bommen på Kalneset ved å bla opp 25 millionar kroner. I seg sjølv er ikkje ideen å forakta, bortsett frå ein aldri så liten detalj: Kor i alle dagar skal desse pengane takast frå? Reknar med at Arbeidarpartiet har tenkt nøye gjennom den økonomiske situasjonen Radøy er i, og då vert spørsmålet kvar dei har tenkt å kutte. Er det i skulen eller i pleie og omsorg? Eller er det det vesle vi har av næringsliv i kommunen som skal betale? Kanskje dei har tenkt å innføre eigedomsskatt på bustader og hytter, moglegheitene er uendelege...

Det verste av alt er i bunn og grunn at ein på ramme alvor har tenkt å bruke tett oppunder ein halv milliard (500.000.000 kr.!!!) på ein veg svært få av radværingane vil få nytte av. Kva hjelper det om dei som bur på Soltveit får nokre minuttar kortare køyretid til Knarvik, eller at dei folkevalde frå Slettakrinsen får ein litt strakare veg til rådhuset? Ein må stille seg spørsmål om kvar samfunnsnytten er når det er snakk om så ufatteleg mykje pengar, i allefall i Radøymålestokk.

Om visjonane og tankane var rette og gode for alle dei åra som har gått sidan det vart snakk om vegen Tolleshaug-Soltveit, med arm til Manger, er stoda ein litt annan i dagens samfunn. Det mest hensiktsmessige, om ein skal ta slike trivielle hensyn som samfunnsøkonomi og nytteverdi, ville vere å utbetre vegen på nordvestsida av Radøy mot Manger. Det er tross alt her størstedelen av tungtransporten går, om ein ikkje utelukkande kun tar hensyn til nabokommunane og ei bygd. Det vil og vere mindre kostnadskrevjande å utvide denne vegen, enn å byggje ein ny.Vidare frå Manger er det ikkje dei heilt store problema å føre vegen vidare over til Meland. Då snakkar ein om ei kjøretid på maks. 10-15 minutt frå Manger til Nordhordlandsbrua... Der har ein nytteverdi der! Då vil ein samstundes spare Knarvik for ein god del gjennomgangstrafikk. Tungtransporten til og frå Mongstad ville og fått betydelig reduksjon i køyretida, om ein samstundes klarar å sjå for seg at ein i løpet av ikkje alt for lang tid vil kunne knytte Askøy og Øygarden saman med denne vegen, den såkalla ytre ringvegen. Ved å gå for ei slik løysing, vil det åpne seg moglegheiter innanfor industriutvikling og arbeidsplassar ein før ikkje ein gong har kunna drøymd om på den grøne øya. Ein kunne bu på Radøy eller i Austrheim, jobbe på Sture eller CCB eller vice versa. Om ein ser på  det beredskapsmessige, kan ein komme seg til Bergen via Askøy, om det skulle skje noko på Nh-brua.

Forholda har endra seg sidan vegen Tolleshaug-Soltveit vart planlagd. Det er ikkje for seint å snu, ei heller ei skam. La oss byggje veg for framtida. For ein halv milliard kan ein få mykje god og tenleg veg, om ein berre brukar dei rett.

 

 

 

Radøy FrP v/gruppeleiar         

 

Lena Bø Nilsen