Raud/grøn innvandringsfadese
I inneverande år vil Regjeringa med sin politikk medverke til at det kjem rundt 20000 ikkje vestlege asylsøkjarar til landet vårt. Det vil seie at får dei halde fram i 4 år til vil det kome rundt 100000 fleire asylsøkjarar til Noreg.
I dag ser vi, og som vart dokumentert på TV tysdag kveld, at UDI ikkje klarar å handtere innvandringsstraumen på ein forsvarleg måte.
Skal dei klare å plassere ut alle som kjem, må dei tvinge gjennom utplassering slik som vi såg på TV.
Det vi såg var heilt uakseptabelt og uverdig. Vi undrar oss sterkt på at ikkje fagstatsråd, Dag Terje Andersen, som er ansvarleg for UDI, vart konfrontert med dei forholda som vart avslørt på TV.
Dei som styrer innvandringspolitikken er stort sett venstresida i norsk politikk, nemleg Sv og venstresida i AP.
Det har vist seg at SP ikkje har makta eller hatt vilje til å bremse innvandringsstraumen.
Vår konklusjon er at får den sosialistiske raud/grøne Regjeringa halde fram i 4 år til, vert det mange Senja-liknande tilstandar i vårt fylke og andre plassar i distrikts-Noreg.
Det må smake bittert og surt for SP-ordføraren i Jølster når partikameratane hennar påtvingar Jølster kommune 100 asylantar mot kommuna sin vilje.
Til slutt undrar vi oss litt over;
kor vert det av det lokale sjølvstyre som SP hevdar er hellig?
Åge Starheim
Stortingsrepresentant
Framstegspartiet

