Kalender Sogn og Fjordane

29.11.11 12:44

Framstegspartiet ber om at Samferdsleministeren sikrar attendebetaling til Fylkeskommunen for Olden-Innvik, viss det indre E39-alternativet vert vald. Fylkesleiar, Frank Willy Djuvik, seier at ham ikkje er villig til å betale for Staten sine vegar

fwdlmweb.jpg

I ein presentasjon for fylkespolitikarane på måndag, bekrefta prosjektleiar i Statens Vegvesen, Kjell Kvåle at dei planlegg å overta fv60 Olden-Innvik og ruste den opp viss det indre traséalternativet for E39 vert vald. Konseptvalutgreiinga frå Statens Vegvesen legg opp til at første fase er ei opprusting av Olden-Innvik og tunnel gjennom Utvikfjellet, totalt kostnadsrekna til 1,3 milliardar.

Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik, har tidlegare uttalt at han var bekymra for at dette kunne verte resultatet, utan at dei andre fylkespolitikarane såg dette som ei aktuell problemstilling. Fylkeskommunen har nemleg allereie planlagd å nytte nærare 150 millionar på å ruste opp Olden-Innvik dei to neste åra.

Djuvik meiner at med alle dei uløyste fylkesvegprosjekta vi har i Sogn og Fjordane, så vil det være uansvarleg av Fylkeskommunen å ikkje sikre seg garantiar frå Staten om at vi ikkje vert sittande med kapitalkostnader dei neste 20-30 åra, for ein veg som Staten overtek. – Vi må få ein garanti av Staten om at desse pengane vert refundert viss det indre alternativet vert vald, viss ikkje må vi avvvente den endelege konklusjonen før vi føretek investeringa på Olden-Innvik, seier han.

Artikkelen held fram under biletet

oldeninnvik.jpg

Djuvik vil ikkje forskotere kva alternativ FrP til slutt vil falle ned på når det gjeld traséval, men seier at viss midlane frå Olden-Innvik vert refundert så vil ein kunne få oppstart av 45-minuttsregionen allereie innan få år. – Det er viktig at vi sikrar at vi får bygd mest muleg veg i Sogn og Fjordane. Og viss Staten overtek ei av dei store prosjekta våre, så vil naturleg nok det neste kunne startast opp for desse midlane, seier Djuvik som også sit i Hovedutval for samferdsle.

Stortingsrepresentant for FrP, Åge Starheim har allereie vidareformidla Sogn og Fjordane FrP si bekymring i eit spørsmål til samferdsleminister, Magnhild Meltveit Kleppa, der han spør om statsråden vil sikre refusjon av fylkeskommunen sine investeringsmidlar viss det indre alternativet vert vald. – Det er avgjerande for fylkespolitikarane å vite dette før investeringsbudsjettet vert vedteke 14. desember, slik at vi eventuelt kan avvente, avsluttar Frank Willy Djuvik.

Spørsmål til samferdsleministeren

Spørsmål:

Vil statsråden sikre at Sogn og Fjordane Fylkeskommune får refundert investeringsmidlar som vert nytta på fv60 Olden-Innvik viss SV-K10 vert vald som konsept for E39 Skei-Ålesund?

Grunngjeving:

Statens Vegvesen la 22. november fram Konseptvalutgreiing for strekninga Skei-Ålesund. Her vert det foreslått å leggje E39 i tunnel under Utvikfjellet, vidare med bru over til Svarstad, og vidare tilkobling til Kvivsvegen. Som første steg vert det føreslege å ruste opp dagens fylkesveg 60 Olden-Innvik, samt ny tunnel under Utvikfjellet, som sikrar ferjefri veg. På møte med fylkespolitikarane 28.11 bekrefta også Prosjektleiar, Kjell Kvåle, at dei planlegg at Staten skal overta fv60 Olden-Innvik inntil brua til Svarstad vert realisert ein gong i framtida, og at opprusting av strekninga ligg inne i kostnadsestimatet.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har planlagt å nytte nærare 150 millionar kroner i åra 2012-2013 for å byggje Agjeldtunnelen på strekninga Olden-Innvik. Dette er ei heilt nødvendig utbetring for å gjere vegen, som er definert av yrkessjåførane som “norges verste veg”, sikrare og betre med tanke på auka trafikk når Kvivsvegen opnar.

Det knyt seg likevel usikkerhet til om Fylkeskommunen skal foreta ei slik investering når dette muligens vert finansiert av Staten om nokre år, og ein har eit sårt behov for investeringsmidlar på andre fylkesvegprosjekt.

For å sikre nødvendig utbetring så raskt som råd, ber eg difor om at Statsråden sikrar at Sogn og Fjordane Fylkeskommune sine investeringar på Olden-Innvik vert refundert viss SV-K10 vert vald som konsept for E39 Skei-Ålesund.

For ytterlegare informasjon eller kommentar:

Frank Willy Djuvik
Fylkesleiar SF FrP 

Tlf 926 26 976
e-post: frank.willy.djuvik@gmail.com
blogg: http://djuvik.origo.no
facebook: www.facebook.com/fwdjuvik
Twitter: www.twitter.com/fwdjuvik