Kalender Sogn og Fjordane

16.05.11 17:55

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane FrP, Frank Willy Djuvik, tok eit kraftig oppgjer med feilslått norsk landbrukspolitikk, på Framstegspartiets Landsmøte 13.-15. mai. Han hevda at SP og Bondelaget bevisst fører ein politikk som reduserer bøndene til ein mottakar av offentlege ytingar, og til eit liv som hobbybønder. - Ein kan gjerne drive med landbruk på hobbybasis, men ikkje forvent at skattebetalarane skal betale for det, sa han.

lm11web2.jpg

Les heile innlegget til Djuvik her:

Når FrP vinn valet 12. september, så er ei av dei viktigaste oppgåvene for våre lokalpolitikarar å sørge for at næringslivet går godt i kommunane våre. Men det er ei næring i Norge som ikkje går særlig godt, og som eg vil hevde er langt ifrå levedyktig.

Eg vil trekkje fram 3 grunnar til at landbruksnæringa i dag ikkje er i stand til å stå på eigne bein.

Det eine er sjølvsagt jordbruksforhandlingane, som faktisk føregår i desse dagar. Å snakkar meg om eit idiotisk system. På same måte som ein sto i kø forran fattigkassa i tidlegare tider for å få mat på bordet, så har vi eit system i Norge, som tvingar norske bønder til å stå med lua i handa ovanfor den norske regjering å be om almissar. Sånn kan vi ikkje ha det. Framstegspartiet må intensivere kampen for å få fjerna dette uverdige systemet som bare fører til at bøndene vert degradert til mottakarar av offentlege ytelsar.

Den andre grunnen til at vi ikkje har eit levedyktig landbruk i Norge, er at i dag, vert faktisk ein enorm del av norsk matproduksjon gjort på hobbybasis. Den norske maten vi et, er eit resultat av nokon sin hobby. Alt for mange bønder i dag har ikkje jordbruket som si hovudnæring, men arbeider både fulle og deltidsstillingar i andre næringar for å skaffe seg si hovudinntekt. Vi kan ikkje fortsette å ha det slik. Vi må ha system som sikrar at dei som driv i landbruket har annledning til å drive med dette som sitt primære arbeid. Vi må få yrkesstoltheita tilbake til norske bønder, ved at dei kan drive og utvikle arbeidsplassen sin, investere i framtida si, være stolt av den jobben de gjør, slik andre gründerar og næringsdrivande kan.

Framstegspartiet vil kraftig redusere dagens overføringar til landbruket. Dette gjør vi ved å fjerne 2-3-4000 byråkratar, i tillegg til at vi reduserar behovet for overføringar ved å fjerne monopolet til samvirka som kosta over 30 milliardar i dag, og rigide reguleringar som ingen er tjent med.

Men dei overføringane som står igjen, dei må vi bruke til å styrke heiltidsbonden. Vi bør innføre minimums produksjonsvolum for at ein i det heile tatt skal motta ei einaste krone i offentlige overføringar. Dei som har landbruket som yrke, er dei vi må løfte fram som ryggraden i norsk landbruk. Og eg har sjølvsagt ikkje noko imot at folk driv på med landbruk som hobby, men de kan bare glømme at norske skattebetalarar skal betale for hobbyen deira.

Den siste, og den viktigaste grunnen til at vi i dag ikkje har eit landbruk som klara å stå på eigne bein, er det eg vil kalle elitistbøndene. Elitistbøndene er dei som påtar seg å tale heile landbruksnæringa si sak, og dei som står bak dagens landbrukspolitikk. Bondelaget og Senterpartiet.

Elitistbøndene i Bondelaget er mest oppteken av at det skal verte færrast muleg bønder, og mest muleg subsidiar til å fordele mellom seg og deira støttespelarar. Bondelaget står på barrierane å forsvara jordbruksavtalen, samtidig som dei skrive under på en avtale, på vegne av alle bøndene, om at ein skal ha ei dårlegare inntektsutvikling enn normal lønns- og prisvekst. Det er jo ingen andre lønnsforhandlinga i landet, der nokken hadde godtatt noko sånt. Så enten har bondelaget verdens desidert dårligaste forhandlarar, eller så er dei kun ute etter å mele si eiga kake. Færrast muleg bønder, mest muleg subsidiar til seg sjølv.

Til slutt må eg få seie at den raskaste og beste måten for å fornye norsk landbruk, er at Senterpartiet holder seg unna, Brekk går av, og FrP gjennomfører vår politikk, då får vi eit levedyktig landbruk.

Sjå innlegget på YouTube her: