Kalender Sogn og Fjordane

09.12.11 12:48

Flora FrP fremjer i neste veke framlegg i Bystyret om å konkurranseutsettje reinhaldstenestene i kommunen. Basert på ein rapport frå NHO-Service tidlegare iår kan dette føre til besparingar opp til 5 millionar kroner i året for Flora kommune. - Det er viktig at vi finn effektive måtar å løyse oppgåvene våre på, slik at vi frigjer ressursar til det vi verkeleg ynskjer å satse på, seier Gruppeleiar i Flora FrP, Frank Willy Djuvik.

Rapporten som vart utarbeida i vår, syner at ein kan frigjere opp mot 40% ved å konkurranseutsettje reinhaldstenestene i kommunen. Rapporten baserer seg på tal frå kommunar som har gjort tilsvarande grep med sine tenester. Djuvik vil i første omgang ikkje budsjettere med ei så stor innsparing, men seier at dei vil budsjettere med halvparten, 2,5 millionar. - Det er viktig at vi gjer dette på ein best muleg måte, der vi sikrar at vi oppretheld kvaliteten og at dei tilsette kan føle seg trygge. Då er det betre å budsjettere med litt mindre i innsparing, og heller ta eventuelle større innsparingar som ein bonus, seier han.

Vil ha med Høgre og Venstre
Djuvik seier at han har håp om at Høgre og Venstre skal være med på konkurranseutsettinga utifrå den økonomiske situasjonen til kommunen. - Som posisjonsparti bør Høgre og Venstre sjå at dette kan gje ei stor økonomisk innsparing samstundes som ein oppretheld kvaliteten på tenestene, Seier Djuvik.

Framstegspartiet vil fremje følgjande framlegg i Bystyret:

Rådmannen utarbeider sak om konkurranseutsetting av kommunen sine reinhaldstenester. I saka skal følgjande moment framkomme:

- Plan for orientering og dialog med dei tilsette.

- Oppgåvebeskriving basert på kommunen sin bygningsmasse og dagens reinhaldsnivå.

- Vurdering av totalanbod på heile tenesta, eller inndeling i fleire kontraktar.

- Framlegg på kvalitetsnivå for reinhald basert på NS-Insta800.

- Framlegg på tilsynsmodell for utarbeiding og oppfølging av anbod, kontrakt og avtaleforhold basert på NS-Insta800

- Framlegg på overordna anbodskriterier.

Saka skal leggjast fram våren 2012, og skal ta høgde for oppstart av eventuelle kontraktar frå 01.01.2013

For meir info eller kommentar:

Frank Willy Djuvik
Gruppeleiar Flora FrP
Tlf 926 26 976
e-post: frank.willy.djuvik@gmail.com
blogg: www.frp.no/frank
facebook: www.facebook.com/fwdjuvik
Twitter: www.twitter.com/fwdjuvik