Fylkesleiar i FrP, Frank Willy Djuvik, seier at Fjord1 har bidrege til å knytte fylket, og spesielt kysten saman. Gjennom fleire titals år har hurtigbåtane, fergene og no i seinare tid også godsbilar og bussar vore eit viktig samferdsleverktøy for å gjere avstandar og reisevegar kortare. Derfor er det naturleg at ein no realiserer dei økonomiske verdiane i selskapet for å vidareutvikle samferdsleårene langs kysten ytterlegare.
- Fjord1 er blitt ein kommersiell kollektivaktør, som ikkje lenger har si kjerneverksemd i Sogn og Fjordane. All kollektivtransport i fylket er allereie sett ut på anbod, eller vert sett ut dei næraste åra. Her må Fjord1 konkurrere på lik linje med andre aktørar slik loven føreset, seier Djuvik
Partiet meiner at i ein konkurranseprega marknad er det rett og slett uansvarleg av Fylkeskommunen å gamble med dei verdiane som tilhøyrer innbyggjarane i Sogn og Fjordane. - Det er forbunde stor risiko ved å drive verksemd innan kollektivtransport, og seinast såg vi dette då Fjord1 tapte hurtigbåtanbodet til Tide. I tillegg driv no Fjord1 hovedaktiviteten sin langt utanom Sogn og Fjordane sine grenser, blant anna i Hordaland, Rogaland, Nordland og Troms, og det finnst ingen garanti for at dei vinn dei store ferjeanboda i framtida, seier dei.
Djuvik meiner også at det at fylkeskommunen sit som eigar i Fjord1 bidreg også til å svekkje selskapet. - Fylkeskommunen har ikkje høve til å gå inn med 100-vis av millionar i kapital for å kunne byggje nytt materiell til anboda, slik store private eigarar har. Dette betyr at selskapet vil fortsette å tape anbod og ruter i framtida, og selskapet vil verte mindre verdt, seier han.
- Ved å selge aksjane saman med Møre og Romsdal fylkeskommune i den salsprosessen dei er inne i, vil ein kunne spare kostnader ved salet, samt at ein kan hente ut større verdiar enn viss fylkeskommunen skal selge åleine seinare. Møre og Romsdal Fylkeskommune har vedteke å selge sin aksjepost i selskapet, nettopp fordi dei meiner at det ikkje er forsvarleg å gamble med skattebetalarane sine verdiar i eit kommersielt marked, avsluttar Djuvik
- Fylkesleiar, Frank Willy Djuvik, tlf 458 14 156

