Å skulle drive valkamp å snakke om politikk etter bomba i regjeringskvartalet og massakren på Utøya er ikkje enkelt.
Det er ikkje lett å skulle snakke om vegbygging, betre eldreomsorg, næringsutvikling, bompengar og eigedomsskatt samtidig som politisk engasjert ungdom, som ikkje har gjort anna enn å engasjere seg for noko dei trur på, vert gravlagt rundt i heile landet.
Men samtid skuldar vi dei ungdommane å drive valkamp. Vi skuldar dei å vise at demokratiet vårt går vidare.
For viss hendingane 22. juli viser oss noko, så er det jo nettopp at vi kan ikkje ta demokratiet og dei grunnleggande fridomane som vi trur på for gitt. Kvar einaste dag må vi kjempe for det. Og det skuldar vi ofra etter terrorangrepa.
Men viss demokratiet skal fungere, så må og innbyggjarane ha reelle val. Dei må vite kva som skil partia frå kvarandre, dei må få vite kva alternativ dei har den dagen dei skal gå å bruke stemmeretten.
Og difor e det så utruleg viktig at vi no kjem i gong med valkampen.
For det er jo ikkje sånn at dei samfunnsutfordringane vi hadde før 22. juli ikkje er der lenger. Sjølv om dei i ein periode har virka mindre viktige, så har det stor betydning for kvar enkelt kva politikk som vert ført i både fylket og i kommunane.
Folketalsutviklinga i Sogn og Fjordane e fortsatt negativ etter 22. juli, regjeringa legg framleis ned viktige spesialisthelsetenester i fylket, vi treng framleis nye vegar, det er fortsatt eldre som ikkje får ein verdig alderdom og det er ingenting som tydar på at folk vil få ei meir vellvilig behandling av sine søknadar i dei kommunale byråkratia.
Dei utfordringane er det no på tide at vi tar tak i.
For vi har ikkje endra vår politikk sia 22. juli. Vår politikk står fast, og det som gjeld innvandringspolitikk.
Eg legger merke til at mange journalistar og kommentatorar rundt i landet meina at debattklimaet vil endre seg, retorikken vil endre seg, politikken vil endre seg.
Vi ser sågar ei rekkje med politikara som driv offentleg sjelegransking og angrar på kva dei har sagt tidligare. Til det har eg bare ein ting å seie! “Viss du har sagt noko du angrar på etter 22. juli, då burde du kanskje ha angra før, å tenkt litt meir gjennom det før du sa det i utgangspunktet.
Sogn og Fjordane FrP vil som hovudregel i valkampen snakke meir om eigen politikk og eigne løysingar framfor å angripe andre parti. Det meinar eg vi alltid skal gjere. Politikk handlar om saker, ikkje om personar, å då er det sakene og dei politiske løysingane som skal stå i fokus.
Samstundes har vi eit ansvar for å kontrollere kva dei som styrer føretek seg, og ansvarleggjere dei som sitt med makta på resultata av politikken deira.
Dei raudgrøne skal med andre ord ikkje gå fri for politiske angrep frå opposisjonen, men vi vil alle velge våre debattar og utspill med omhu. Personelg vil eg ikkje endre eit komma, av det eg hadde planlagt å seie før 22. juli.
Jens Stoltenberg har sagt følgjande:
”Dere skal ikke få ødelegge oss, dere skal ikke få ødelegge vårt demokrati og engasjement. Vi er en liten, men stolt nasjon. Ingen skal skremme eller skyte oss til taushet. Ingen skal skremme oss fra å være Norge. Vi skal vise verden at demokratiet blir sterkere når det gjelder”
Det er ein god læresetning. Vi skal møte terroren med endå meir engasjement og demokrati.
Det er grunn til å anta at spesielt FrP vil bli angrepet i kjølvatnet av terrorangrepet. Vi har sett tendensar til at enkeltpersonar langt ute til venstre på den politiske skalaen har forsøkt å kople FrP med terror. Det er og enkelte aviskommentarar som antyder at FrP har noko å svare for, at partiet på ein eller anna måte indirekte kan gjevast ansvar for det som har skjedd.
Dette er ein uverdig debatt og partiet tek på alle mulege måtar avstand frå slike påstandar. Likevel må vi førebu oss på at angrepa kjem.
FrP har alltid vore oppteken av å skille mellom islam og islamisme. Islam er ein vanleg og utbredt religion på linje med kristendom. Islamisme er begrepet for den politiske ideologien der demokrati, menneskerettigheitar og rettsstat skal erstattast med sharialover. Denne ideologien er FrP sterk motstandar av, og vil dirfor bekjempe den.
Siv Jensen har vært veldig oppteken av å trekke eit skille mellom islam og islamisme. Det er svært viktig å oppretthalde dette skillet. Som politisk parti har ikkje FrP ei rolle i å diskutere religion.
I ein kronikk i Morgenbladet får også FrP støtte for dette skillet. Forsker Anders Ravik Jupskås skriv følgjande:
”I SD (Sverigedemokraterna red. anm) sammenlignes islam og nazisme. I Frp skiller man mellom islamisme og islam. Sistnevnte er greit for Frp. Per-Willy Amundsen forsvarte faktisk bygging av minareter i Norge i kjølvannet av folkeavstemningen i Sveits fjor. Det ville ikke SD gjort.” Morgenbladet 24.9.2010
FrP er ikkje åleine om å være kritiske til ideane om at det liberale vestlige samfunnet kan eksistere side om side med islamistar og krefter som nektar å akseptere våre grunnleggande verdiar.
Den britiske statsministeren David Cameron har erklært krig mot multikulturalismen. Han krevde blant anna at britiske skuler kun skulle ”teach the country's common culture”, og at hands-off toleransen mot dei som motsette seg vestlege verdiar hadde feila.
Ei rekkje andre norske politikarar har og uttalt seg sterkt om innvandring og radikale islamistar. Blant anna sa Knut Storberget følgjande til Stavanger Aftenblad 2. desember 2010:
”- Norge blir mer likt andre land i Europa, der slike tendenser er merkbare. Vi ser en forankring av muslimsk voldsbruk hos unge mennesker som er født her, og som har bodd hele livet i Norge, advarer Storberget.” Stavanger Aftenblad 02.12.2010
Martin Kolberg har vært end tydelegare, han har sagt at Arbeiderpartiet skal nedkjempe radikal islam og varsla krig mot ekstremistane.
Til NRK 12. mars 2009 seier Kolberg at han har stor forståing for folk si bekymring for islamisering, og at bekymringa blant folk ikkje berre handlar om islam, men om innvandringa generelt.
FrPs viktigaste poeng har vore at alle som skal bu og leve i Norge må akseptere grunnleggande verdiar som vårt samfunn er byggd på. For det første må alle akseptere individet sine rettar, kvinner skal ha rett til å leve som frie individ og ytringsfridomen må anerkjennast. I tillegg må vi krevje at innvandrarar tilpassar seg det norske samfunnet og ikkje motsett.
Det er viktig å hugse at integreringsutfordringane ikkje har forsvunne. Kvinner som gjekk i burka før 22.7 går i burka etter 22.7. Det same gjeld motstand mot ytringsfridom, kvinneundertrykking osv. Difor er det ingen grunn til å leggje ned debatten om problema.
Det har vore nokon få eksempel på at enkeltpersonar har forsøkt å anklage FrP for direkte eller indirekte å ha ansvar for terrorhandlingane. Slike påstandar er uhyrlege, og seier mest om den som seier det.
Verken dei som står bak dagens innvandringspolitikk eller dei som vil ha ein streng innvandringspolitikk kan på nokon måte gjerast ansvarleg for terrorhandlingane.
Det er liten grunn til å tru at politikarar vil bruke slike påstandar mot FrP. Ei rekkje politiske redaktørar og andre har åtvare kraftig mot å trekke FrP inn i diskusjonen.
Kommentator i VG, Eirik Mosveen har skrevet følgjande:
”Det er ikke grenser for hvor på jordet Petter Nome og Per Fuggeli er når FrP kobles til terrorangrepet. FrP har null ansvar for det.”(Twitter-melding)
Og vidare:
”Jeg kjenner Frp rimelig godt. De mener mye rart, men ikke noe av den apokalyptiske forryktheten til terroristen.” (Twitter-melding)
Han gjentok seg sjølv og understreka poenget kraftig i ein kommentar som stod på trykk i VG
10. august:
”La meg si det først som sist: Jeg mener Frp har null – jeg gjentar: null – ansvar for de groteske drapene denne Breivik har begått.”
TV2s politiske redaktør Stein Kåre Kristiansen og NRKs samfunnsredaktør Kyrre Nakkim har og avvist alle forsøk på å samanlikne FrP og Breivik, og sagt at FrP ikkje kan holdast ansvarleg for hans ideologi.
Erna Solberg har sagt følgjande til NTB:
”Fremskrittspartiet har verken politikk eller argumentasjon som springer ut fra det same tankegodet som gjerningsmannen har. Det nye de siste to ukene er det en ekstrem og voldelig person som har stått for, ikke Frp.”
Og eg vil igjen gjere det klinkande klart, for dei i partiet som ikkje visste det. Vi kjempar ikkje imot Islam, men vi kjempar imot radikal islamisme. Og eg vil sitere partiprogrammet vårt om innvandring:
På prinsipielt grunnlag burde det ideelt sett være en friest mulig bevegelse over landegrensene, av varer, tjenester, kapital og arbeidskraft. Dette forutsetter imidlertid at mennesker bosetter seg i Norge uten automatisk å få velferdsrettigheter som belaster norske skattebetalere.
Det står ingenting i FrP sitt program om at vi ynskjer eit monokulturelt samfunn. Vi skal ikkje gløyme at kristendommen som i stor grad har prega kulturutviklinga i Norge, vart importert frå midtøsten for 1000 år sidan. Skulle vi vore monokulturelle, så hadde vi framleis reist på plyndringstokt til Irland, og sprunge rundt med bukkehorn på hovudet.
Vi lever i ein globalisert verden der innslag frå mange kulturar kryssar folkeslag, kontinent, religionar og landegrenser kvar einaste dag. Dette er ikkje negativt. Det er dette som gjer at vi utviklar oss.
Eg likar å ete pizza frå Italia og kinesisk wok, eg likar amerikanske bilar og japanske motorsyklar, eg likar afrikanske rytmar og irsk folkemusikk. Eg er glad for påverkingane som romerske og greske filosofar har hatt på utviklinga i Norge, og eg er takksam for alle dei innovative og framtidsretta oppfinningane vi har importert frå rundt om i verda gjennom 100-vis av år.
Det finst ikkje monokulturalisme. Dei som hevdar det bør sjå på kor skoa eller mobiltelefonen sin er produsert, eller dei bør sjekke kor sushien deira opprineleg kjem frå. Då vil dei fort innsjå at dei og lever i eit fleirkulturelt samfunn.
Eit kvart samfunn vil alltid utvikle seg og endre seg i takt med ytre endringar og ytre påverkningar. Og det som er viktig er at dei endringane er til det positive for einskildmenneske.
Der har vi ei viktig oppgåve som politikarar. Vi skal ikkje godta dei delane av andre kulturar og levesett som strider imot den mest grunnleggande naturretten. Nemleg retten til eige liv og retten til eigne meiningar.
Vi skal ikkje godta at unge jenter vert kjønnslemlesta ved omskjæring, vi skal ikkje finne oss i at menn ser på koner og døtrer som sin eigedom og kan gjør som dei vil med dei.
Vi vil ha ein restriktiv innvandringspolitikk fordi Norge har vist med all tydelighet at vi ikkje er i stand til å integrere så mange som vi faktisk tek inn idag.
Då skal vi bruke saklege og faglege argument i den debatten, og ikkje karakteristikkar, følelsar og religion.
Og det er heller ikkje slik at terrortruselen frå islamistiske og andre grupper har forsvunne etter 22. juli. Den trusselen er fortsatt like reell, og må kjempast mot. Vi må ikkje gløyme andre ekstremistar som er villige til å bruke vald og terror. Då vil 22. juli svekke oss, og vår sikkerhet i staden for å styrkje oss å gjere oss sikrare, slik som vi alle håpar på.
Det er ein mann som er ansvarleg for det som skjedde 22. juli, og det er Anders Behring Breivik. Det hjelp ikkje å kritisere musikken han høyrde på, spela han spelte, TV-seriane han såg på, genseren han går med eller dei politiske meiningane hans.
Utan at eg vel å merke er psykolog, så trur eg lett den mannen kjem inn under den folkelege betegninga av riv ruske rablande galen.
Ein kan ikkje diskreditere alle andre som brukar same klede, ser dei same filmane, eller høyre den same musikken, på same måte kan ein ikkje diskreditere folk som meina nokon av dei same tinga.
Han var for røykeloven, men de er jo ingen som meinar at Dagfinn Høybråten er ein potensiell terrorist og er med på å skape hat, av den grunn.
Vi må slutte å la Anders Behring Breivik sine forrykte tankar og handlingar få innverknad på vårt demokrati. Om noko så skal den mannen sine handlingar føre til at vi intensiverar kampen mot ekstremisme og voldshandlingar, og at vi får meir demokrati og ytringsfridom, ikkje mindre.
Å vi skal ta tak i dei utfordringane som vi må, for å få eit betre samfunn. Der har Fremskrittspartiet dei beste løysingane.


