I eit lesarinnlegg som er underteikna av Solveig Norevik frå Fagforbundet i Sogn og Fjordane, syner Fagforbundet med all tydelighet sin eigen kunnskapslause i debatten om betre kommunale velferdstenester. Fagforbundet burde vel stille nokre krav til realiteten og sanninga i informasjon som vert utgitt i deira namn.
For det første så skriv Norevik om “privatisering”, seinare i innlegget skriv ho om “konkurranseutsetting” som om det var same sak. Det er det ikkje. For å forklare det på ein enkel måte: Tannhelsetenesta i Norge er det vi kan kalle “privatisert”. Det betyr at du må sjølv betale alle kostnadane med behandlinga så sant du ikkje kjem inn under spesielle ordningar som gjer at du får gratis eller rabattert behandling. Dei raudgrøne ynskjer at denne tenesta skal være privatisert, fordi dei ikkje ser at tennene er ein del av kroppen. Det er ingen av dei etablerte partia i Norge som har foreslått eller programfesta at velferdstenestene skal privatiserast. Kvifor ein då har ein slik stor kamp mot privatisering, er framleis ei gåte.
Konkurranseutsetting derimot, er ei ordning for å sikre optimal drift og best muleg kvalitet i dei kommunale velferdstenestene, uavhengig av om det er private eller offentlege som utfører den faktiske tenesta. Kommunen har framleis ansvar for å sikre at det er eit tilbod i kommunen, og dei har framleis ansvar for å gjennomføre kontroll og tilsyn med både den kommunale og private drifta.
Korleis skal folk kunne oppfatte Fagforbundet seriøst, når dei manglar heilt grunnleggande kunnskap om det dei har meiningar om, og prøver å debattere?
Vidare kjem den fantastiske påstanden om at som kommunetilsett så har du krav på uførepensjon og tenestepensjon. Berre for å opplyse Fagforbundet, som ein skulle tru hadde litt greie på arbeidstakarar sine rettar, så har faktisk alle desse rettane, uavhenging om du er kommunalt eller privat tilsett. Og Fagforbundet gløymer også å opplyse om at nær halvparten av private arbeidstakarar i Norge har ein betre pensjonsordning enn den obligatoriske tenestepensjonen som kommunalt tilsette har. Det er direkte løgn å hevde at desse rettane forsvinn ved konkurranseutsetting av tenester.
Fagforbundet veit heller ikkje korleis eit anbod fungerer. Det er alltid kommunen som definerer innhaldet i anbodet. Ikkje berre første gang, men også alle påfølgande gonger. Det betyr at viss kommunen ynskjer å stille spesifikke krav i forhold til pensjon, løn, arbeidsvilkår eller andre ting, så kan dei alltid gjere det.
Fagforbundet kjem også med påstanden om at konkurranseutsetting er ein måte for næringslivet til å få tilgang på “felleskapets lommer”. Først så bør kanskje ikkje Fagforbundet gløyme at det er næringslivet sin innbetalte skatt og den private produksjonen som sikrar at vi faktisk har eit velferdstilbod i Norge, og for det andre så veit tydeligvis ikkje Fagforbundet at det er kommunen som sit igjen med over 80% av innsparinga ved konkurranseutsetting.
Gevinsten som kan hentast ut kjem primært gjennom lågare kostnader hos eksterne leverandørar samanlikna med tenester i offentleg regi. Ein oppnår ikkje lågare kostnader gjennom å auke arbeidsbelastninga til den enkelte tilsette, men heller gjennom endra samansetting av bemanning, smartare leiing, flatare organisasjon, kontinuerleg kostnad- og kvalitetssamanlikning og stor grad av delegering.
Fordommar om økonomisk effektivisering på bekostning av kvalitet tilbakevisast av uavhengige brukar- og pårørande – undersøkingar heile tida. Desse undersøkingane syner at både dei tilsette, brukarane og dei pårørande er like fornøyd eller meir fornøyd med privat drift enn offentleg drift.
Framstegspartiet ynskjer, i likhet med Fagforbundet og alle andre i Norge, at eldreomsorg på same måte som i dag skal være eit offentleg ansvar og ikkje minst undergitt offentleg styring. Det skal være det offentlege som skal bestemme omfang, innhald og mengde og som føl opp og kontrollerer at den enkelte får det tilbodet som er bestemt. Når det derimot gjeld kven som skal produsere tenesta, trur FrP på ein fornuftig balanse og arbeidsdeling mellom intern og ekstern produksjon til beste for samfunnet og den enkelte innbyggjar. Når det gjeld heimebaserte tenester så syner erfaring frå både Norge og Sverige at det er viktig med valfridom for den enkelte. Dette skjerpar kvaliteten på tenesta og fremmar utviklinga av nye løysingar.
Eg ser fram til debattar mot både Fagforbundet, og deira overordna i Arbeidarpartiet, om konkurranseutsetting av kommunale tenester, men forventar at ein set seg inn i kva det er vi snakkar om og at ein ikkje bruker usanningar i debatten.

