Foto av Knut Erik Engh.

Foto: FrP

FrP står for forsvarleg økonomistyring

Ulstein FrP vil styrke kommuneøkonomien, slik at vi kan fjerne eigedomsskatten.

Ulstein FrP har dei siste åra arbeida godt og seriøst med budsjett og økonomiplan for kommunen. Utfordringa til kommunen er for høg gjeld som følgje av vedtak fatta før vi tok over styringa i Ulstein.

Den jobben vi har lagt ned, kan vi no sjå resultata av. Vi gjer ting smartare. Dette sparar kommunen pengar, for eksempel gjennom at vi har innført kvardagsrehabilitering, noko som reduserer pleiebehov og aukar livskvaliteten.

Ulstein FrP har fått gjennomslag for alle forslaga våre om betre økonomistyring, mellom anna økonomiske handlingsreglar og langsiktige rentesikringar til fordelaktige føresetnadar som reduserer kommunens risiko betydeleg.

Alt heng saman med alt. For å få betre kommuneøkonomi, er det også avgjerande at vi klarar å trekke til oss nytt næringsliv og nye arbeidsplassar. Då må kommunen vere positiv til nye etableringar, og ha ein arealpolitikk som gir rom for dette. FrP vil fortsatt vere garantisten for at kommunen nyttar seg av JA-stempelet i neste fireårsperiode.

Då eigedomsskatten vart innført, var ikkje dette fordi skatten skulle bli verande. Den blei innført på bakgrunn av manglande økonomiske prioriteringar før vi kom til makta. Det endelege målet til FrP i Ulstein er å styrke kommuneøkonomien, slik at vi kan fjerne eigedomsskatten.


Budsjett og økonomiplan Ulstein kommune 2015-2018
Budsjett og økonomiplan Ulstein kommune 2016-2019
Budsjett og økonomiplan Ulstein kommune 2017-2020

Alternativt budsjettframlegg frå Ulstein FrP 2018-2021
Alternativt budsjettframlegg frå Ulstein FrP 2019-2022