Foto. Margrete Dysjaland

Foto: Elin Eike Worren

Kjære veljar!

Det er mange grunnar til at ein vel å verte politisk aktiv. For meg var det kampen mot byråkratiet som gjorde at eg vart politisk engasjert ved valet 2011.

Rogaland treng gründarane og entreprenørane som skapar arbeidsplassar og vekst i heile fylket. Det handlar om å skape forutsigbarheit og vise handlekraft for næringslivet og dei private aktørane. Som fylkespolitikar vil eg ha ei klar JA haldning for at fleire skal kunne sette draumen ut i livet.

Eit godt samarbeid med næringslivet er viktig når det gjeld den vidaregåande opplæringa. Me skal utdanne ungdommar til arbeid og ikkje arbeidsløyse. Næringslivet veit best kva arbeidskraft dei treng i framtida. Det er vår oppgåve å gje næringslivet moglegheit til å påverke kva retningar og utdanningar ungdommane skal ta, for at me også i framtida skal skape verdiar og arbeidsplassar i Rogaland.

For meg og FrP er det viktig å sette fokus på områder og grupper som ofte vert gløymt. Tannhelse for eldre er eit område eg meiner alt for lenge har vorte neglisjert og som treng eit sterkare fokus. Dette er eit ansvar som ligg på fylkespolitikarane og som treng å bli lyfta fram både i Rogaland, men og nasjonalt.

Det er sjølvsagt at FrP vil fortsette kampen mot bompengar. Fleirtalet i fylkestinget har mot FrP sine stemmer gått inn for bymiljøpakkens bompengefinansierte prosjekt utan realisme. NOK er NOK. Me gjer ikkje opp og håpar på di støtte til å kjempe mot bompengane! Me kan ikkje bruke meir pengar enn me har. Å setje tæring etter næring er eit gamalt ordtak som er like relevant i dag. På denne måten vil FrP styre fylkeskommunen trygt og meir effektivt enn i dag.

Du kan lese Rogaland FrPs program her.

Margrete Dysjaland
Fylkesordførerkandidat
Rogaland Fremskrittsparti