Foto, Nina Stabell Øverås

Foto: Elin Eike Worren

Viktig å leve heile livet

Får Nina Stabell Øvreås det som ho vil, blir nye Alver kommune ein trygg og god stad å bu for både unge og eldre.

Når dagens Lindås, Meland og Radøy kommuner blir til Alver i 2020, er FrP ein garantist for at heile den nye kommunen skal takast i bruk.

- Kommunesentra skal sjølvsagt bestå, og det er viktig at innbyggjarar opplever at kommunen er til for dei. Me skal sørge for at kommunen yter service av høgste kvalitet, understreker Øvreås.

Politikaren fra Ostereidet har sete i kommunestyre i Lindås sidan 2003, og ho ser fram til å kunne ta fatt på ein ny periode i ein rykande fersk storkommune i 2020.

Full barnehagedekning og fleksible opningstider

Som FrP sin førstekandidat til det først kommunevalget i Alver, har Nina Stabell Øvreås eit brennande engasjement for born og unge. Ho er difor oppteken av at nye Alver kommune skal ha ein god og relevant familiepolitikk.

- FrP har eit mål om full barnehagedekning i Alver kommune. Me vil satse både på private og offentlige barnehager, men det må skje under like vilkår. Ikkje minst er eg oppteken av at barnehagane må få opningstider som gjer det meir fleksibelt for barnefamiliar der begge foreldrene arbeider heiltid. I tillegg bør ein innføre kontinuerleg opptak. Er det ledig plass i ein barnehage skal ein kontinuerleg fylle opp plassane. Ein bør sleppe å vente til mars eller september, påpeikar Øvreås.

Sterk skuleskulsatsing

Alver FrP meiner ein skal ha både private og offentlege skular. Dette vil bli ein realitet i Alver kommune.

- FrP vil styrke skulesatsinga i kommunen og ønskjer oss ein moderne og framtidsretta skule - ein trygg, god og mobbefri lærestad, der det er lærekrefter og ressursar nok til at kvar elev blir sett og høyrt, seier Øvreås.

Ho legg samstundes til at det er viktig å ha god dekning av ungdomskoordinatorar i den nye kommunen. FrP ønskjer også fleire ungdomdomshelsestasjonar og eit enda betre samarbeid mellom politi og andre førebyggjande etater.

Følg opp dei unge sårbare
- Det er heilt essensielt at ein har ein oppfølging av unge mennesker som er ei sårbar tid. Difor er det viktig med fokus på førebygging og at ein er tett på rusproblema, psykiatri og mental helse blant unge, sier 59-åringen med fleire politiske verv bak seg.

Alver FrP vil også jobba for at ein får ein teknisk fagskule i Alver.

- Det er jo nesten unaturleg at vi ikkje har den type høgare utdanning, når marknaden som etterspør denne kunnskapen finnes fleire stadar i kommune, ikkje minst på Mongstad.

Styrker omsorgstenestene

Til dagleg arbeider lokalpolitikaren i heimetenesta, og ho har soleis nær kjennskap til stoda for eldreomsorga i dagens Lindås kommune. Ho veit godt kor skoen trykkjer, og ser klart kor det kunne vore sett inn tiltak på dette området.

- FrP meiner ein skal glede seg til alderdommen. Ein sjukeheim skal ikkje vere ein siste oppbevaringsplass, men ein stad som tilbyr ein spennande kvardag for våre eldre gjennom aktivitet og glede. Ein skal leve heile livet, sier Øvreås.

Alver FrP vil arbeide for statleg finansiering av eldreomsorga. Alle skal ha tryggleik i kvardagen. Difor skal FrP fortsette å bygge ut omsorgstenestene der ein tek i bruk omsorgsteknologi. Partiet har eit klart mål om at Alver skal ha nok omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

Vi ha eige demenssenter

- Me ønskjer å byggje eit eige demenssenter i den nye kommunen, seier ordførarkanidaten, og ser føre seg ei klynge av omsorgsbustader, med eigen sansehage, gjerne i forbindelse med ein bondegård, der ein kjem nært på både dyr og planter.

- Me seier eit stort og klart ja til lokale kjøkken ved alle omsorgsinstitusjonar i kommunen. Sjølvsagt også hjå eit slikt senter. Dette er ikkje minst viktig for den enkelte si helse og trivsel, sier hjelpepleiaren, som må seiast å ha grøne fingre.

Nina tilbringer nemleg mykje tid i hagen sin på Stranda, der ho steller med blomar, bærbuskar og eit syttitals rhododendronar.

- Eg er også glad i å lage mat og er ein svoren tilhengar av kortreist mat og matauk, sier Alvers FrP sin toppkandidat til høstens kommunevalg.

Forventningsfull til den nye kommunen

Nina Stabell Øvreås legg ikkje skjul på at ho, som alle andre i Lindås, Meland og Radøy, er spent på korleis ting blir når dei tre kommunane blir til ein neste år.

- Alver kommune må ta det beste frå dagens kommunar, og utvikla seg til ein kommune som er god og heilskapleg, og som leverer best mogleg tenester for dei inntektene man har, meiner Øvreås.

Alver FrP skal vere ein garantist for at eigedomsskatt fjernast på hus og hytte frå 2020.

- Me trur statleg finansierte omsorgstenester kan kompensere for bortfallet av desse skatteinntektene, seier partiet sin ordførerkandidat.

I første omgang ønskjer FrP ikkje å konkurranseutsetje desse tjenestene. Det er viktigste blir at ein finn gode løysingar med dei andre partia.

- Saman skal med bygge Alver kommune, og gjere den til ein god stad å bu - for både ung og gamal, konkluderar Nina Stabell Øvreås, leiar av FrP Alver og partiet sin førstekandidat i kommunevalget 2019.

FAKTA

Nina Stabell Øvreås (59)
Gift, fire voksen barn, busett på Stranda på Osterieidet
Hjelpepleiar i Lindås kommune. Har fire perioder bak seg i kommunestyret.
Har spilt i korps i mange år, liker å gå på ski, lage mat og stelle i hagen.