Foto fra Sagvaagen.

Foto: FrP

Eigedomsskatt

Stord FrP ser på heimen din som nettopp det - ein heim. Den er ikkje eit skatteobjekt.

Stord FrP vil umiddelbart etter valet reversere auken i eigedomsskatt og på sikt fjerne den. Nokre argumenterer med at ein må ha eigedomsskatt for å levere gode tenester. Det er rett og slett ikkje sant! Når kommuna innførte eigedomsskatt skulle den gå til å dekke låneutgifter. Det gjer den ikkje. Den går no til kommunal drift, og har blitt ei sovepute for dei som styrer og administrasjona. Slik skal me ikkje ha det!

Eigedomsskatten råkar vilkårleg og usosialt. Den tar ikkje omsyn til eigaren si inntekt, eller gjeld på eigedomen. Eigedomsverdien inngår også i formueskattgrunnlaget. Ein bustad eller anna eigedom er normalt kjøpt med midlar det allereie er skatta av. Det er difor ei form for dobbel beskatning.

Stord Kommune er nr 182 på Kommunal Rapport si kommunebarometer og har eigedomsskatt. Os kommune er nummer 6, utan eigedomsskatt. Faktisk hadde Os kommune i 2018 over dobbelt så stort driftsoverskot som Stord hadde samla i åra 2016-2018! Dette skulle halde som argument for at det ikkje er naudsynt med eigedomsskatt for å få kommunal drift til å gå godt. Dei ein må ha er vilje og evne til å prioritere dei viktigaste tinga først. Det har Sigbjørn Framnes og Stord FrP! Med Sigbjørn Framnes som ordførar vil Stord få ein handlekraftig politisk leiing som vil fjerne eiendomsskatten - og likevel ha gode tenester. Hugs, vil du ha Sigbjørn som ordførar er det er ikkje nok med ein slengar! Då må du stemme Stord FrP!

Tilbake til forsiden