Foto.Illustrasjon - Hordfast

Foto: SVV/Elin Eike Worren

Sørleg krysning av Langenuen – ein siger for FrP og Stord

- Dagens gladnyheit om val av trasé for Hordfast er en siger for Framstegspartiet og Stord, seier Sigbjørn Framnes.

- Å ha Framstegspartiet i sjefsstolen for samferdsel er gull verd for Stord, Sunnhordland og Vestlandet, seier ordførarkandidat for Stord FrP, Sigbjørn Framnes.

Han har vore i mange møter med samferdsleministeren i samband med Hordfast - og har vore heilt tydeleg på at sørleg krysning av Langenuen er det beste.

- Regjeringa har lytta til lokale interessa og vald den traseen som vil gje den beste utviklinga for regionen. Fleirtalet av kommunane ynskjer seg det alternativet som regjeringa no har vedteke. Det gjeld blant anna Stord, Tysnes og Os, som er dei områda som vert mest påverka av planen. Det same gjer fylkesutvalet i Hordaland. Eg er derfor svært nøgd med at vi har ei regjering som lyttar til oss som bur her, seier Framnes.

- Hordfast er eit viktig prosjekt både lokalt, regionalt og nasjonalt. Det bind saman bu- og arbeidsregionar og reduserer reisetida med éin time. Dette vil få store positive konsekvensar og eg er difor veldig glad for at valet av trasé no er landa, seier samferdselsministeren frå FrP, Jon Georg Dale.

- Dette er vi i Stord FrP heilt samde i, avsluttar Framnes.

Her kan du les pressemeldinga frå departementet om saka