21.09.11 23:15

Blogg: Frå ca kl halv ti onsdag 21. september og utover kvelden såg VG-nett si framside slik ut: "FrP-politiker innrømmer sexkjøp" og neste sak "Ordfører siktet for seksuell omgang med mindreårig". Legg merke til at saka om seksuell omgang med mindreårige ikkje har verken namn, bilete, partipreferanse eller noko som kan fastslå kor dette geografisk har skjedd. Då er det ein ting som er sikkert: Ordføraren er ikkje frå FrP.

Undervegs i den såkalla "Birkedal-saka", tidlegare i år, vart det stillt spørsmål ved om norsk presse og den norske journaliststanden ville ha hengt ut politikarar frå andre parti på same måte som FrP og Birkedal vart hengt ut på. Media sitt svar var at sjølvsagt ville dei ha behandla saka på same måte om det hadde vore politikarar frå andre parti det var snakk om. I kveld har dei ettertrykkeleg motbevisst nettopp det.

Eg har kjent Bård Hoksrud så lenge eg har holdt på med politikk, og eg kjenner han som ein dyktig politikar med stoltheit og integritet i den politiske gjerninga han har utførd. Eg skal ikkje uttale meg om kva eg meiner om den handlinga han har utførd, men eg vil sitere det Fylkespolitikar for Arbeidarpartiet i Hedmark, Bjørn Jarle Røberg-Larsen, skreiv på twitter no i kveld: "Håper at nettverket rundt @Hoksrud forstår at nå er det én ting som gjelder: Still opp for mannen, uansett hva du syns om handlingen!".

TV2 har altså vald å følge etter Bård Hoksrud til Riga fordi dei hadde vorte tipsa om at han kunne finne på noko ulovleg, her var dei også i fleire dagar og fulgte etter han med skjult kamera. Utan at eg legitimerer handlinga som Hoksrud har gjort, så stiller eg likevel store spørsmålstegn ved metodane som journalistane her nyttar for å sikre seg ei sak. Men når det er FrP så gjeld tydeligvis ikkje "normale" presseetiske retningslinjer lenger. Hoksrud vert hengt ut på framsida i alle nettaviser som ein seksualforbrytar, og FrP vert hengt ut saman med han.

Men kva då med denne ordføraren? Korleis kan VG legitimere og forsvare at namnet og partipreferansen der ikkje vert offentleggjort? Ved å fortelle at dette var snakk om ein SP-ordførar eller ein AP-ordførar, så ville jo ikkje det røpe identiteten heller. Hadde denne ordføraren vore frå FrP, så hadde namn og parti vore kjend for lenge sidan. Men eg er eigentleg ikkje så oppteken av at denne personen eller partiet skal offentliggjerast, men eg er oppteken av at det skal være ei viss likebehandling av mediene. Den likebehandlinga skjer ikkje idag!

framsidevg.jpg

Bilder Flickr