Foto. Ullstein FrP

Foto: Ulstein FrP

Vi skal vere til å stole på

Frp har site ved roret dei siste 4 åra. I desse åra har Ulsteinsamfunnet vore gjennom ei av dei største omstillingane i nyare historie. Det har vore krevjande, men trass store utfordringar har kommunen vår likevel klart seg bra. Vi tek vår del av æra for det.

I 2015 gjekk vi til val på at vi skulle sørge for ei betre økonomistyring av kommunen. Nokre månader før hadde kommunestyret vedteke at Ulstein Arena skulle byggast. Prosjektet er det mest kostbare anlegget som kommunen nokon gong har bygd. Framstegspartiet gjekk i mot prosjektet fordi vi allereie den gongen var på gjeldstoppen og fordi vi var på veg inn i oljekrisa og førespegla konsekvensane av den. Vi såg at eigedomsskatt var uunngåeleg dersom vi gjennomførte prosjektet. Vi fekk dessverre rett. Fasiten viser at den årlege kostnaden overstig det vi tek inn i eigedomsskatt. I tillegg har vi opplevd inntektssvikt som følgje av oljekrisa. Når det er sagt har Ulstein Arena tilført samfunnet vårt stor verdi, og når bygget først har kome skal vi bruke det mest og best mogleg.

Kva har vi så gjort dei siste 4 åra? Vi har først og fremst jobba for ei strammare styring av kommunen og sett fokus på tenesteinnovasjon.

Etter framlegg frå Frp har kommunen:

  • Innført kvardagsrehabilitering som reduserer pleiebehov og gir auka livskvalitet.
  • Innført økonomiske handlingsreglar som set tydelege krav for kommunens økonomistyring.
  • Gjennomført omfattande økonomisk analyse for å avdekke handlingsrom.
  • Sett fokus på bruk av velferdsteknologi og anna teknologi som kan frigjere ressursar.
  • Under arbeid nye retningslinjer for gjennomføring av investeringsprosjekt.
  • Styrka samarbeid med dei andre kommunane på Søre Sunnmøre.
  • Stilt krav om likt symjetilbod for alle born i kommunen.
  • Sett av pengar til bygging av sanitærbygg på Osnessanden.
  • Sett fokus på god innbyggardialog m.a. gjennom årlege folkemøter i kvar skulekrins.
  • Sett i verk ei felles reiselivssatsing for regionen.

I tillegg har Frp støtta opp under Teknologiskulen, bygging av turvegar, fortetting og opprusting av sentrum, utbygging av Ulsteinvik barneskule, ny brannstasjon, nye byggefelt på Skeide og Dimna og etablering av Ulstein næringsforum for å nemne noko.

Vi går nok ein gong til val på god økonomistyring og tenesteinnovasjon. Vi lovar å vere ambisiøse men ryddige og skal sette innbyggarane sine behov i fokus. Vi skal kort og godt vere til å stole på!

Les heile vårt program her.