Bompengefinansiering av rassikring og trafikksikringsprosjekt
Fremskrittspartiet tar klar avstand frå bompengefinansiering av ras og trafikksikringsprosjekt.
Me skal ikkje betala bompengar for å sleppa å få stein i hovudet.
Me skal ikkje betala bompengar for å ferdast trykt langs vegane våre.
Finansiering med bompenger på desse områda er grovt urettferdig. Det ligg store rassikrings og trafikksikringsprosjekt som er heilt avgjerande å få gjennomført, for fortsatt verdiskapning og busetnad i heile landet. Bompengefinansiering av desse prosjekta er ikkje løysinga.
I lys av koronakrisen har me ein unik moglegheit til å fremskynda prosjekt for å sikre sysselsetting i bygge- og anleggsbransjen, og dermed motvirka aukande arbeidsledighet.
Her skal FrP gjera ein forskjell. Vestland FrP vil på det sterkaste oppmoda til at denne utfordringa vert teken tak i på nasjonalt plan.
Forslag
Landsmøtet ber stortingsgruppen arbeide for at ingen rassikrings- og trafikksikringsprosjekter skal bompengefinansieres.