Distriktsskatten på havbruk må endres
Statsbudsjettet 2022 har gitt lokale familieeige oppdrettsselskap langs heile kysten eit formidabelt skattesjokk.
Regjeringa Solberg fremja forslag om at oppdrettskonsesjonar gitt før 1998 skulle verdsetjast til marknadspris basert på siste auksjonspris, dvs. 150-200 mill kr pr konsesjon. Dette er i seg sjølv eit heilt urimeleg nivå. På toppen av dette heva AP, SP og SV både satsen for utbytteskatt og formuesskatt, samt reduserte aksjerabatten, i det endelege budsjettvedtaket i Stortinget.
Mange små og mellomstore oppdrettarar får dermed auka skatt med fleire 10-tals millionar pr år.
I familieeigde selskap tyder dette at ein må tappa selskapa for store verdiar i form av auka utbytte for at eigarane skal kunna betala formuesskatten. Dette er midlar som elles kunne vore nytta til vidareutvikling av verksemdene, nye investeringar og teknologiutvikling.
Resultatet kan fort bli konsolidering i næringa gjennom oppkjøp, børsnoteringar, sentralisering og auka utanlandsk eigarskap. Utanlandske eigarar betalar som ein veit ikkje formuesskatt. For mange kystkommunar vil dette vera ein katastrofe for lokal samfunnsutvikling, verdiskapning og arbeidsplassar. I desse kommunane er oppdrettselskapa ofte hjørnesteinsverksemder, som også bidreg med omfattande støtte til frivillig sektor, idrettsanlegg og liknande.
Dei samla konsekvensane av desse skatteskjerpelsane kan umogeleg ha vore konsekvensutgreidd. AP/SP-regjeringa skriv m.a. i Hurdals-plattforma at regjeringa vil; «Gjennomgå ordningene med tillatelser i havbruksnæringen for å sikre fortsatt mangfold og lokalt eierskap.»
Med dei siste skjerpelsane i formuesskatten risikerer regjeringa at dei riv beina under lokalt eigarskap i havbruksnæringa lenge før gjennomgangen av konsesjonsordningane er på plass. Dette kan umogeleg vera god distriktspolitikk frå finansminister og SP-leiar Trygve Slagsvold Vedum.
Framstegspartiet ber difor om at ein no dreg i naudbremsen i samband med Revidert Nasjonalbudsjett til våren. Då kan ein få på plass ei skikkeleg konsekvensutgreiing av endringane i formuesskatten for mindre familieeigde oppdrettsselskap, før ein går vidare.
Havbruksnæringa skal sjølvsagt betala skatt som alle andre næringar. Produksjonsavgifta, som no gjev millioninntekter til vertskommunane, er eit eksempel på dette. Men samla skattebyrde må være rimeleg, og ingen er tent med at norsk havbruksnæring i enda større grad hamner på utanlandske hender.