Kenneth Karlsen og Åge Madsgård

Budsjett

Budsjett for vekst og utvikling i Etne kommune (Frp, INP og V)

«Det har blitt alt for enkelt å senda rekninga til innbyggjarane våre enn å ha eit kritisk blikk på kostnadar og effektivitet»

Les budsjettet her:

Vekst og utvikling i Etne kommune

Me i Frp, INP og V er open for eit budsjettsamarbeid saman med fleire parti ila. perioden om nokon av kameratane har lyst, eller om nokre kameratar skulle bli uvenner, å sjå på muligheten for meir gjennomslag hos oss. Samarbeidspartia legg med dette fram sitt forslag til justert årsbudsjett for 2024 og justert økonomiplan for perioden 2024-2027, for Etne kommune.

Det har vore eit felles mål for samarbeidspartia å laga eit berekraftig og ansvarleg budsjett, som tryggjar tenestene våre i heile kommunen. Det har blitt alt for enkelt å senda rekninga til innbyggjarane våre enn å ha eit kritisk blikk på kostnadar og effektivitet. Etne kommune skal bli ein endå meir attraktiv kommune å bu i, og der legg budsjettet vårt opp til innbyggjarvekst i vår kommune – særleg av folk i yrkesaktiv alder.

I fleire år med negativ folketalsauke i Etne kommune har ein likevel auka i tal årsverk i kommunen. Noko har vore naudsynte gjennom lovkrav og satsingar, men når me ikkje klarar å få opp folketalet vårt må ein ta ein kritisk runde på kva årsverk ein må ha og kva årsverk ein ikkje må ha. I vårt budsjett legg me opp til ein tilsettingsstopp fram til me får ein gjennomgang slik som er gjort greie for i verbaldelen vår.

Budsjettet tar opp i seg dei ulike prioriteringane som er viktig for samarbeidspartia og sikrar tenestene på alle områda vidare, samstundes som det tek høgde for uføresette kostandar i tida som kjem med at botnlinja er større enn tilrådd nivå og risikoavsettingar i opphaveleg budsjett på 4,25 mil er vidareført. Budsjettet legg fortsett opp til gode botnlinjer for heile økonomiplanperioden.



Investeringar

Investeringsbudsjettet omfattar ei rekkje prosjekt som er avhengige av opprusting og vedlikehald, samstundes som ein imøtekjem behova i einingane. Samarbeidspartia ønsker ikkje å belasta drifta vår med alt for mykje lånekostnader som følgje av overinvesteringar, derfor vert det lagt til grunn utsettingar og stopp av enkelte investeringsprosjekt inntil vidare. Me lev i ei tid med aukande rentejusteringar og vanskelege geopolitiske situasjonar, det er difor viktig å føra ein trygg investeringspolitikk i åra framover. Etne kommune har i dag låg til moderat gjeldsgrad og me ønsker å halda det på eit slikt ansvarleg nivå.

Eigedomskatt

Nesten alle parti som gjekk til val sa dei ville fjerne eigedomskatten, kommunedirektøren sitt budsjett legg opp til ein framtidig drift som kjem til å bruka meir pengar på lån, noko som gjere det endå vanskelegare å avvikla den usosiale eigedomskatten. Me kan ikkje sjå at posisjonen har gjort noko tiltak her, som kan føra til ein lågare eigedomskatt for folk flest i Etne kommune, og den behovsprøvde ordninga for ettergjeving av eigedomskatt blir ikkje vidareført av verken kommune eller posisjonen. Det er lagt inn utgreiing for noko utviding av tidsavgrensa fritak for førstegongsetablering, «tannlaust» men kva med om dette kunne gjelda for alle tilflytting til kommunen også? Trur ikkje posisjonen at det ville stimulert til tilflytting?

Det er heller ikkje gitt noko meir til kyrkja i posisjonen sitt budsjett, etter at det kom brev frå kyrkjeleg Fellesråd, med tanke på behov for meir pengar enn det som ligg inn i budsjettet. Det er viktig at drifta her får nok økonomi til å gå rund.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Mer informasjon

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skredder-sydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eks-empel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.