Foto: Ulstein kommune

Framleis topp motivert

Knut Erik Engh har vore ordførar i Ulstein sidan 2015, og har styrt kommunen gjennom krevjande tider, men er framleis motivert til å fortsette i jobben. - Eg likar utfordringar og vert inspirert av gode resultat.

Knut Erik har vore engasjert i politikk heilt frå ungdomstida då han vart medlem av Framstegspartiets Ungdom (FpU).

-Det var tidlegare stortingsrepresentant Love Solholm som overtydde meg om at Frp var rette partiet for meg, seier Knut Erik og grunngjev valet:

-Frp sitt grunnsyn og kampen for fridom i kvardagen fekk meg til å melde meg inn. Eg meiner folk flest bør få bestemme korleis dei vil leve sitt liv og bruke sine pengar utan at staten eller kommunen skal blande seg for mykje inn. Det finst ikkje noko anna parti som forsvarar dette betre enn Frp.

Lang erfaring

22 år gamal vart han valt inn i kommunestyret i 1995 og sat først 2 perioder i Teknisk utval.

-Det var ei spennande og lærerik tid. Eg har jo sjølv bakgrunn frå byggebransjen og fekk bruke kunnskapen min i dette utvalet. Saman med Tor Meinseth (H) fekk eg etterkvart gjennomslag for ein meir liberal praksis i Ulstein, og dåverande teknisk sjef var nok ofte frustrert over oss, seier Knut Erik og ler godt.

I kommunestyret var det derimot vanskelegare å få gjennomslag.

-Det var stort sett oss mot røkla. Eg trur knapt vi fekk fleirtal for noko som helst i løpet av desse 8 åra, så eg gjekk lei og stilte ikkje til attval.

Men interessen for politikk var ikkje over, og Knut Erik var ofte å sjå på tilhøyrarbenken i kommunestyret der han observerte og lærte av dei mest røynde. Etter 4 år var han tilbake i kommunestyret og har sidan vore fast representant i kommunestyret og formannskapet. Dei siste åtte åra har han vore ordførar og perioden før var han varaordførar.

-Eg er nok den mest erfarne politikaren i Ulstein i dag, seier han ubeskjedent.

Erfaring kjem godt med i politikken. Å vere folkevald kan vere ei krevjande oppgåve, særleg når ein må ta upopulære avgjerder eller forsvare feil som har skjedd.

-Eg er glad for at eg fekk ein del år på baken og livserfaring før eg vart ordførar, seier Knut Erik men legg til at det ikkje nødvendigvis er ei ulempe å vere ung heller. Likevel:

-Eg kjenner at eg har evna til å halde roa når det stormar rundt meg eller kommunen, og det har det jo gjort ein del gonger. I tillegg har eg etterkvart tileigna meg mykje kunnskap og erfaring, og etablert eit godt kontaktnett. Alt dette er viktig for å kunne gjere ein god jobb.

Framleis motivert

Nesten 30 år i politikken er lang tid.. Vert du aldri lei?

-Klart eg blir lei av og til, det skulle berre mangle. Men det er oppturane og ansvaret som gir meg energi og motivasjon, seier han og held fram.

-Eg hadde eigentleg tenkt å gje meg etter denne perioden, men klarte rett og slett ikkje å motivere meg til å slutte, seier han og vert alvorleg.

-Då eg tok over hadde gjelda til Ulstein kommune auka dramatisk dei siste fire åra. Frp åtvara om konsekvensane, men vart avfeia som pessimistar. Ulstein hadde opplevd ein fantastisk vekst i denne perioden på grunn av den høge aktiviteten i næringslivet. Fleirtalet i kommunestyret var nok farga av dei gode tidene, og forstod ikkje kva konsekvensar oljeprisfallet hausten 2014 ville få for næringslivet. Frp derimot, følgde godt med og lytta til næringa som kom med tydlege åtvaringar. Difor var vi tidleg på ballen og gjorde vi det vi kunne for å halde att pengebruken.

Sidan 2015 har skatteinntektene til Ulstein gått dramatisk ned samanlikna med landet elles. På same tid har kostnadane til renter og avdrag gått i veret.

-Hadde det ikkje vore for den høge gjelda så hadde Ulstein kommune hatt svært god økonomi i dag, seier Knut Erik og illustrerer dette på følgjande vis:

-Hadde Ulstein hatt ei gjeldsgrad lik snittet av norske kommunar så hadde vi halvert utgiftene til renter og avdrag frå om lag 80 til 40 millionar kroner årleg. Dette er vanvittig mykje pengar. Til samanlikning vil det koste omlag 50 millionar å bygge ein heilt ny barnehage i Hasund krins. I dag klarer vi så vidt å halde oss flytande takka vere dyktige tilsette og ei svært effektiv drift, og vi er heilt avhengige av eigedomsskatt, og det likar eg dårleg, seier Knut Erik.

Han seier at utan Frp si stramme økonomistyring og den forhatte eigedomsskatten så ville kommunen vore på ROBEK no.

Mykje å jobbe med framover

På spørsmål om kva som vert det viktigaste grepet framover er ordføraren heilt tydeleg.

-Det viktigaste framover vert å halde fram jobben med å redusere gjelda fordi dette er det einaste grepet som kan gi oss handlefridom til å redusere eigedomsskatten og frigjere pengar til andre føremål. I tillegg står vi overfor ein betydeleg auke av eldre som vi skal sørgje for at får ein best mogleg alderdom.

Ulstein kommune har i dag ei av fylkets yngste befolkning, men dette er no i ferd med å endre seg sidan ein stor del av dei som bur i kommunen nærmar seg pensjonsalder. Ulstein kommune har utmerka seg som ei av dei mest veldrivne kommunane innanfor helse- og omsorgsområdet og har etter mange si meining eit godt utgangspunkt for å møte eldrebølgja. Dette er Knut Erik einig i.

- Vi har gjort veldig mykje rett i Ulstein, seier Knut Erik og held fram:

-Vi satsa tidleg på heimebasert omsorg og bemanna omsorgsbustader. Vi har samla omsorgsbasene våre og lagt til rette for at folk kan kjøpe seg leiligheiter i sentrum noko som gjer dei mindre avhengig av hjelp frå andre. I tillegg har vi eit privat legesenter som er svært veldrive med flinke og stabile legar. Vi har dei seinare åra jobba førebyggande og retta innsatsen mot å forbetre den generelle folkehelsa. Turvegane er eit godt døme på det, og eg er sikker på at vi vil hauste store gevinstar framover som følgje av denne satsinga. Av andre ting som er viktig vil eg halde fram bulyst og næringsutvikling. Desse to tinga heng i hop og det eine er avhengig av det andre. Ulstein kommune skal ha levande bygder og Ulsteinvik skal vere eit attraktivt og pulserande sentrum for heile regionen. Eg brenn for lokalsamfunnet mitt, og difor er eg framleis topp motivert til å fortsette, avsluttar ordføraren.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Mer informasjon

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skredder-sydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eks-empel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.