FrP-valgflesk eller AP-arroganse?

At Kongshaugstranda avlaupsreinseanlegg har blitt eit prestisjeprosjekt for AP-posisjonen og administrasjonen i kommunane - som skal realiserast uansett kostnad, kjem meir og meir fram i lyset.

AP-Ordfører Jim Arve Røssevoll går hardt ut i sitt lesarinnlegg om avlaupsreinseanlegget og anklagar FrP for å drive med populisme, at vi er uansvarlege og bidreg til splitting:

"Det Frp driv med er ikkje berre populisme som nører opp under usikkerheit og misnøye, det er også uansvarleg og bidreg til splitting i ei sak som både ei heilt naudsynt og positivt."

Kva skal vi då kalle det som AP-ordførarane med sine medsamansvorne i Sula og Ålesund har drive med dei siste åra... Arroganse, utan respekt for innbyggjarane sin økonomi?

At Kongshaugstranda avlaupsreinseanlegg har blitt eit prestisjeprosjekt for AP-posisjonen og administrasjonen i kommunane - som skal realiserast uansett kostnad, kjem meir og meir fram i lyset.

At Kongshaugstranda avlaupsreinseanlegg har blitt eit prestisjeprosjekt for AP-posisjonen og administrasjonen i kommunane - som skal realiserast uansett kostnad, kjem meir og meir fram i lyset. Det er ingen av disse som har vore villige til å bremse ned, og sjå på andre løysingar. Om det er fordi dei av enkelte grunnar ikkje vil, eller at dei ikkje bryr seg om kostnadane for innbyggjarane, må dei sjølve svare for. Vi i FrP trur helst det siste.

Faksimile frå Sulaposten torsdag 29. september 2016.

Faksimile frå Sulaposten torsdag 29. september 2016.

Litt historikk

I 2016 skulle eit primærreinseanlegg for heile Sula koste 55 millionar, om vi ville ha sekundærreinsing var prisen omlag 70 millionar. Så kjem Ålesund på banen, og ville vere med på eit fellesanlegg i fjellet på Lahellestranda, og vi fekk presentert skisse og ein pris på 178 millionar. Sula sin andel var då mykje lågare enn om vi skulle byggje eige reinseanlegg.

Så kom det "famøse" kommunestyremøtet i mai 2018 med ei sak om å gå vidare med samarbeidet med Ålesund om felles reinseanlegg, og at dette blir lagt til Kvasnes. Framleis er prisen stipulert til omlag 170 millionar. Om Ålesund kom til å seie nei så var alternativet for Sula å byggje eige anlegg på Sunde, noko også mesteparten av diskusjonen handla om, då innstillinga til rådmannen i Ålesund var å seie nei til samarbeid med Sula.

Ordfører og rådmann var nøye med å informere kommunestyret om utviklinga på møtet i Ålesund, der politikarane snur og seier ja til samarbeid. Så, etter ei frykteleg rotete avstemning, vart samarbeidet med Ålesund til slutt vedteke med 14 mot 13 stemmer. Her vart FrP-gruppa delt, fordi Kvasnes blei valt som lokasjon i staden for å utgreie kva som var beste plassering, og bruke litt ekstra tid på det. Sula FrP tok standpunkt til motstand i Kvasnes-saka i valkampen i 2019.

I 2021/22 kom så det store sjokket, presentasjon av utgreiinga/forprosjektet og med prisar vi som har hår fekk bakoversveis av. P50/P85 tallene var svimlande 1100/1400 millionar. Disse vart seinare kvalitetssikra og justert opp til 1800/2100 millionar, over ei 10-dobling av prisen og då sa vi stopp, for dette vert for dyrt for innbyggjarane.

Andre politikarar, ordføraren inkludert, trekte på skuldrane og sa "Uff det vert dyrt, men kva anna valg har vi".

I ettertid kom det fram opplysningar i media frå fleire leverandørar av reinseanlegg om at dei kunne løyse Sula og Ålesund sine avlaupsutfordringar til ein mykje rimelegare pris, men dette vart avfeia av dei same politikarane.

Faksimile frå Sulaposten torsdag 30. mars 2023.

Faksimile frå Sulaposten torsdag 30. mars 2023.

Hausten 2022 la Sula FrP fram ein interpellasjon om å sjå på andre alternativ, og den vart vedteken. Administrasjonen gav oss eit "God dag mann øksaskaft"-svar etter 6 månader, og så lite dei hadde gjort iflg. vedtaket i kommunestyret så kunne vi like gjerne ha fått det etter 3-4 veker. Så kven som halar ut tida, kan ein godt spørre om.

Kven som halar ut tida, kan ein godt spørre om.

I mars 2023 foreslo vi igjen å utgreie alternativ med 2 reinseanlegg på Sula, og få på bordet oppdaterte prisar på det. Dette vart igjen nedstemt av ordføraren og hans medsamansvorne.

Så no kjære ordfører er spørsmålet: "Når får vi nye og oppdaterte tal etter prishoppet som har kome etter utbruddet av krigen i Ukraina?"

Om vi brukar samme formel som for tala til Stad skipstunnel, som har auka frå 4 mrd. i 2021 til 7 mrd. i 2023, så kjem kanskje prisen for Kongshaugstranda reinseanlegg til å nærme seg 3,5 mrd. For å ikkje snakke om driftskostnadane, 100 mill. pr.år i 2021 er nok minst dobla til 200 mill. no?

AP meiner Stad skipstunnel er blitt for dyr. Kva skal til for at Sula AP finn ut at reinseanlegget blir for dyrt?

Når leverandørar av reinseanlegg offentleg legg fram ein pris på 100 millioner for nøkkelferdige komplette sekundærreinseanlegg for 10000 PE med heile 90% rensing og berre 1-2 års byggjetid, så må det gå an å sjekke ut kva dette er, og om Sula kan nytte seg av det. Med 2 eller 3 slike, er vi framleis langt unna kostnaden på det som blir Sula sin andel av Kongshaugstranda.

At vi bruker dette til ei valkampsak skjønar vel alle som les dette.

Toget har ikkje gått

Sjølv om det allereie er løyvd over 100 millionar til utgreiing, regulering og planlegging av felles reinseanlegg, så har ikkje toget gått, men det har komt inn på feil spor og kan rygge tilbake. Om Ålesund får ny maktbalanse i kommunestyret som seier nei til å gå vidare med Kongshaugstranda, står Sula igjen på bar bakke utan ein plan B.

Så at vi bruker dette til ei valkampsak skjønar vel alle som les dette. Skal vi få vite om det er rimelegare måtar for Sula å løyse dette på, så må FrP saman med våre medsamansvorne få fleirtal i kommunestyret. Vi vil kjempe for lågast mogleg kommunale skattar og avgifter.

Så ei tredobling av avgiftene, slik det ser ut til å bli, skjer ikkje på vår vakt. Stem FrP.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Mer informasjon

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skredder-sydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eks-empel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.