Lokalvalsprogram for Ulstein 2023-2027

Lurer du på kva vi går til val på? Her kan du lese kva vi meiner om ulike tema.

Vi skal vere til å stole på

Sidan 2015 har Ulstein Frp sete ved roret i Ulstein. Desse 8 åra har vore særs krevjande med store omveltningar for næringslivet, pandemi og fleire flyktningkriser. Vi tok over styringa av ei kommune som sidan 2011 hadde pådrege seg norgesrekorden i gjeldsgrad. I 2015 gjekk vi til val på at vi skulle ha god økonomistyring og samtidig jobbe for ei positiv utvikling av kommunen. Vi har levert - og løftet gjeld framleis.

Vi har teke ansvar for økonomien. Under svært tronge økonomiske rammer har vi redusert gjeldsgrada med 23%, auka driftsfondet med 79% og rentesikra gjelda slik at vi har vorte mindre sårbare for renteauke. I tillegg har vi starta jobben med å redusere eigedomskatten. Trass i nedgangstider i industrien og perioder med høy arbeidsløyse har Ulstein nesten 500 fleire innbyggarar no enn i 2015. Det vitnar om optimisme og attraktivitet.

Det er ikkje berre økonomistyring vi har hatt fokus på. Vi har og vore opptekne av at kommunen skal fornye og forbetre seg slik at vi aukar produktiviteten og kvaliteten på tenesteproduksjonen vår. Ulstein kommune har i løpet av desse 8 åra teke kvantesprang på ulike kvalitetsmålingar og vunne ein rekke kåringar. Dei gode resultata vert lagt merke til, og no kjem både norske og utanlandske kommunar til Ulstein for å lære av vår suksess.

Vi tek ikkje æra for dette åleine, men er overtydd om at tydeleg og tillitsbasert styring gir resultat.

Vi er klare for jobben i 4 år til om du gir oss tillit den 11. september.

Framstegspartiets ideologi og samfunnsyn

Framstegspartiet er eit liberalistisk parti. Det bygger på Noregs grunnlov, norsk og vestleg kulturarv og tradisjon med basis i det kristne livssynet. Det fundamentale i Framstegspartiets samfunnssyn er trua på og respekten for den enkeltes eigenart og retten til å bestemme over eige liv og økonomi.

Framstegspartiet tek sterk avstand frå forskjellsbehandling av menneske basert på kjønn, rase, seksualitet, religion og etnisk opphav.

Framstegpartiets hovudmål er å arbeide for reduksjon av skattar, avgifter og offentlege inngrep.

Trygg kommuneøkonomi

Vår viktigaste jobb er å sikre ein trygg og god kommuneøkonomi slik at vi kan halde fram med å levere gode tenester til innbyggarane. Vi har fokus på langsiktig berekraft og effektiv tenesteproduksjon. Vårt primære mål er å redusere gjeldsgrada og redusere eigedomsskatten. Vi skal arbeide for at kommunale avgifter og brukarbetalingar ikkje aukar meir enn konsumprisindeksen.

Vi vil:

  • Sørge for god økonomistyring i kommunen.
  • Redusere eigedomsskatten og etter kvart fjerne den.
  • Halde igjen auken på kommunale avgifter og brukarbetalingar.

Privat eigedomsrett

Den private eigedomsretten er ein av dei viktigaste grunnpilarane i demokratiet. Ulstein Frp vil arbeide for å styrke eigedomsretten. Den einskilde sin fridom til å utnytte og omsette sin eigedom må leggast vekt på med mindre dette ikkje medfører særleg store ulemper for andre.

Vi vil:

  • Seie JA til søknadar om nybygg og ombyggingar frå innbyggarar og næringsliv.
  • Seie NEI til bandlegging av privat grunn i strid med eigaren sine interesser.
  • Seie JA til private reguleringsframlegg.
  • Seie NEI til ekspropriasjon av privat eigedom dersom ikkje sterke almenne omsyn skulle tilseie noko anna.

Ei moderne kommune

Vi ønskjer å sette innbyggarane sine interesser i sentrum når vi utviklar morgondagens tenester. Vi skal difor jobbe for å tilby tenester som er tilpassa den enkelte sine behov, og bidra til valfridom så langt det let seg gjere. Kommunen skal vere tilgjengeleg for innbyggarane, både fysisk gjennom servicetorget og gjennom døgnopne digitale tenester. Vi er positive til konkurranse i kommunal tenesteproduksjon så lenge der er finnes ein marknad med fleire tilbydarar. Framstegspartiet er oppteken av å lære av andre kommunar som tilbyr «beste praksis». Vi vil difor framleis hente kunnskap frå andre som er betre enn oss.

Vi vil:

  • Sette innbyggaren sine behov i sentrum.
  • Jobbe for interkommunale samarbeid der det gir betre tenester.
  • Jobbe for kort sakshandsamingstid gjennom forenkling og delegering av avgjerdsmynde nedover i organisasjonen.
  • Skape gode rammer for innovasjonsarbeid i kommunen.

Flyktningtenesta

Ulstein Frp vil føre ein forsvarleg flyktningpolitikk med målsetting om å integrere alle som buset seg i kommunen på ein best mogleg måte. Dette inneber at vi skal både oppmuntre og stille krav til samfunnsdeltaking gjennom arbeidsliv og frivillig arbeid. Introduksjonsordninga skal legge vekt på norskopplæring, samfunnskunnskap og arbeidslivstrening. For dei av flyktningane som etter introprogrammet ikkje har kome seg i arbeid eller studiar og treng sosialhjelp, vil vi gjere oss nytte av aktivitetsplikt. Kor mange flyktningar kommunen skal ta på seg å busette, må sjåast i samanheng med dei resultata ein har oppnådd for dei som allereie har blitt busett.

Vi vil:

  • Føre ein forsvarleg flyktningpolitikk med mål om deltaking i frivilleg arbeid og arbeidsliv
  • Busette eit avgrensa tal flykningar
  • Ta i bruk aktivitetsplikt for dei som ikkje er i studiar eller arbeid etter fullførd introduksjonsprogram
  • Førebygge radikalisering

Helse og omsorg

Ulstein har ei svært effektiv og god helse- og omsorgsteneste når ein måler ressursinnsats og tilbakemeldingar frå brukarane. Dette skuldast at kommunen har satsa på heimebasert omsorg kombinert med dagtilbod og kvardagsrehabilitering. Kommunen har svært stabil legedekning organisert gjennom Ulstein legesenter as. Vidare har vi satsa målretta på å tilby gode helsestasjonstenester.

Barnevernet er organsiert interkommunalt i samarbeid med Hareid, Ørsta, Volda, Sande og Vanylven. Samarbeidet gjer at vi i større grad enn tidlegare har ressursar til å jobbe førebyggande med tiltak i heimen og nære relasjonar og strukturere tenestene.

Sjølv om det meste fungerer bra, opplever vi eit aukande press i tenestene. Særskilt gjeld dette yngre brukarar med store pleiebehov og tenester til psykisk helse og rus.

Vi treng difor god og variert kompetanse og meir ressursar. Vi ønskjer difor auke bemanninga i helse- og omsorgssektoren.

Sjølv om vi vert stadig fleire eldre er vi heldigvis sprekare takka vere styrka folkehelsearbeid. Ulstein Frp ser på eldre som ein stor samfunnsressurs, som vi kan ha stor nytte av til felles glede. Vi har mellom anna eit potensiale i å hente ut meir frivilleg innsats til omsorgssektoren. Til dømes ønskjer vi å legge til rette for fleire besøksvennar, tur- og kulturassistentar og til stell og vedlikehald av sansehagen på Alvehaugen der frivillige kan bidra.

Trivsel i kvardagen er viktig, og difor vert det viktig å ta vare på dei gode stundene. Gode måltid med ei hyggeleg atmosfære er noko vi ønskjer å bidra til.

Auka bruk av velferdsteknologi vil gi større fridom for den enkelte og frigjere ressursar til miljøarbeid i tenestene.

Vi vil:

  • Vidareføre satsinga på heimebasert omsorg og bygge fleire omsorgsbustader
  • Legge til rette for bygging av fleire aldersvennlege leiligheiter i sentrum
  • Vidareutvikle 300-metersbyen
  • At barnevernet skal jobbe førebyggande med mål om å styrke barnets eige nettverk
  • Gi rettleiing til unge foreldre og ungdom med utfordringar.
  • Legge til rette for meir frivilleg innsats i helse- og omsorgstenestene.

Barnehagar

Ulstein har eit godt og vel utbygd barnehagetilbod med ein kombinasjon av kommunal, foreldreeigde og private barnehagar. Barnehagestrukturen i Ulstein er eit godt førebilde på korleis Frp ønskjer å organisere kommunale tenestetilbod. Valfridom er viktig då kvar enkelt familie har sine ønskjer og behov. Ulstein Frp vil sjå til at kommunalt eigde barnehagar skal vere veldrive slik at ein sikrar god kompetanse og attraktivitet.

Vi vil:

  • Sikre at private og kommunale barnehagar vert likestilte
  • Sikre eit mangfald av barnehagar slik at foreldra kan få størst mogleg valfridom
  • Sikre tilstrekkeleg kapasitet
  • Bygge ny kommunal barnehage i Sundgotmarka

Skule og oppvekstmiljø

Skulestrukturen er heilt avhengig av busetnadsmønsteret i kommunen. Kommunen skal difor legge til rette for attraktive krinsar slik at ein sikrar stabilt grunnlag for born i grunnskulealder. Vi ønsker å legge til rette for ein skule som er inkluderande, der born med særskilte behov i størst mogleg grad kan delta i ordinær undervisning. Vi ønskjer å ta i bruk læringsverktøy som gir ei tilpassa undervisning til den enkelte elev slik at alle får oppleve både utfordring og meistring i skulekvardagen. Vi skal legge til rette for eit trygt og godt læringsmiljø med gode relasjonar mellom elev og lærar. Det er difor viktig å sikre god kompetanse hos lærarane.

Vi vil:

  • Behalde dagens skulestruktur så lenge det er pedagogisk og økonomisk forsvarleg.
  • Jobbe for eit trygt og inkluderande skulemiljø.
  • Sikre gode overgangar mellom barnehage, grunnskule, ungdomsskule og vidaregåande.
  • Satse på målretta vidareutdanning av lærarane.

Utdanning

Ulstein Frp ser det som viktig at regionen har eit godt tilbod innanfor vidaregåande opplæring og vil difor jobbe for eit breiast mogleg tilbod ved dei vidaregåande skulane på Sunnmøre og særleg ved UVS. Erfaring tilseier at ungdommar som tek høgare utdanning i nærområdet i større grad vel å busette seg i heimtraktene etter fullført utdanning. Difor er det viktig at kommunane støttar opp under universitetet og høgskulane i fylket, og sikrar at desse har eit utdanningstilbod som speglar arbeidsmarknaden.

Vi vil:

  • Jobbe for eit godt tilbod ved dei vidaregåande skulane i regionen
  • Støtte og samarbeide tett med universitetet og høgskulane i fylket

Samferdsel og trafikktrygging

Gode, effektive og trygge vegar er viktig for at samfunnet skal fungere best mogleg. Det er viktig å knyte saman krinsane og regionen på ein måte som styrker bu,- og arbeidsmarknadregionen vår. Vi er særleg opptekne av å styrke forbindelsane til Ålesund. Difor er HAFAST det viktigaste samferdselsprosjektet i vår region, og vi vil difor jobbe for å få dette realisert.

I komande valperiode ønskjer Ulstein Frp å prioritere trafikktryggingstiltak for gåande og syklande. Vi har som langsiktig mål å realisere eit samanhengande gang- og sykkelvegnett gjennom heile kommunen. Vi skal først og fremst prioritere trafikktryggingstiltak langs skulevegane med gangvegar, busskur og gatelys. Langs fylkesvegar vil vi søke 50/50 deling med fylket.

Prioriterte gangvegstrekningar er: Bakkegata, gamle Skeide Bil – Ulstein skule, Garneskrysset – Dragsundbrua, Kleven – Tua, Ulsteinelva – Gåsneset. I tillegg ønskjer vi å fullføre turvegen langs med fylkesveg på strekninga Indre Haddal – Selvågtunnelen og frå Roppane til Ytre Flø.

Av gatelys vil vi prioritere farlege kryssingspunkt, og på strekninga Selvåg – Håheimstranda

Vi har nokre trafikkfarlege kryss langs fylkesvegane som vi vil jobbe for å få utbetra. Dette gjeld Hasundkrysset, Saunesmarka og krysset ved Rema. Her er vi avhengig av finansiering frå fylket.

Ulstein Frp vil også halde oppe eit jamt nivå på asfaltering og vedlikehald for å unngå forfall.

Vi ønskjer i tillegg å jobbe for auka frekvens på kollektivtransporten mellom kommunesentera på Søre Sunnmøre, inkludert flyplassane på Vigra og i Hovdebygda. Vi vil også jobbe for reduserte takstar på snøggbåten mellom Hareid – Valderøy – Ålesund.

Vi vil:

  • Prioritere trafikkryggingstiltak for gåande og syklande
  • Prioritere vedlikehald av kommunale vegar
  • Jobbe for betre kollektivløysingar mellom kommunesentera i på søre Sunnmøre og mot Ålesund

Eit tryggare samfunn

Ulstein Frp ønskjer å legge til rette for ein trygg kvardag der den einskilde tek eit medansvar for å skape gode haldningar og motverke kriminalitet. Foreldre, skule og politi må i fellesskap sørgje for sette grenser, og samarbeide tett med kvarandre. Mange unge fell utanfor i skulen og andre sosiale samanhengar, og dette kan føre til psykiske lidingar samt rus- og åtferdsproblem. Det er difor viktig å fange desse opp så tidleg som råd for å motverke negativ åtferd. Ulstein er medlem av organisasjonen MOT som set fokus på å utvikle robust og inkluderande ungdom ved å styrke bevisstheit og haldningar. Denne satsinga saman med ei god skulehelseteneste skal vidareførast i Ulstein. Ulstein Frp ønskjer også å styrke rus og psykiatritenesta, og jobbe for eit synleg og tilgjengeleg politi.

Det er viktig å ha ein god beredskap i kommunen. Denne skal sikrast gjennom tett samarbeid mellom kommunen og andre som t.d. Politiet, Sivilforsvaret, Heimevernet og Røde Kors.

Vi vil:

  • Gi born og unge eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø
  • Sikre god samhandling mellom foreldre, kommunen og politiet
  • Styrke rus og psykiatritenesta
  • Legge til rette for fritidstilbod med låg terskel for deltaking

Alkoholpolitikk

Ulstein Frp ønskjer å føre ein liberal alkoholpolitikk der det skal vere lett å få innvilga skjenkeløyve. Dette inkluderer uteservering, som vi meiner bør sidestillast med skjenkeløyver innandørs. Samstundes meiner Frp at brot på skjenkeløyva skal medføre forutsigbare og raske reaksjonar. Difor er det viktig å gode kontrollsystem for dette. Vi ser det og som viktig å tilby rusfrie tilbod til ungdommen og vil legge til rette for dette også, og vil som hovudregel ikkje tillate skjenking under idrettsarrangement.

Vi vil:

  • Vere liberale ved utdeling av skjenkeløyve.
  • Handheve tildelte skjenkeløyver strengt gjennom prikkbelastningssystem.
  • Jobbe for felles opningstider og vilkår for skjenkestadane på Søre Sunnmøre.
  • Ikkje sette tak på antall skjenkeløyve i kommunen

Eit aktivt næringsliv

Eit aktivt og velfungerande næringsliv er heilt avgjerande for at kommunen skal kunne tilby gode velferdsordningar og vere ein attraktiv stad å bu. Næringlivet i Ulstein er spesielt retta mot maritim næring, handel og service. Dette er områder som Ulstein har gode føresetnader for å vere gode på også i framtida. I tillegg må vi legge til rette for eit meir variert næringsliv og fleire offentlege arbeidsplassar. Ulstein Frp ønskjer å legge til rette for meir reiseliv, då dette bidreg til eit meir variert handel og servicetilbod til dei faste innbyggarane i regionen. Vi vil støtte etablering av såkalla cowork for å legge til rette for fleire oppstartsbedrifter og dei som i dag jobbar på heimekontor. Ulsteinvik skal vidareutviklast som eit sterkt regionsenter, og kommunen må legge til rette for ei vidare utvikling av Ulsteinvik sentrum.

Vi vil:

  • Legge til rette for nyetableringar
  • Legge til rette for tilflytting av arbeidskraft
  • Sikre attraktive næringsareal
  • Vidareføre oppgradering av Ulsteinvik sentrum for auka trivsel og handel.

Kultur og idrett

Ulstein Frp ser verdien av eit mangfaldig og rikt fritidstilbod for alle aldersgrupper. Kultur kan vere so mangt, mellom anna musikk, teater, idrett og utstillingar. Frivillig arbeid er bærebjelken i lag og organisasjonar, og vi vil at kommunen skal stimulere til at dette held fram. Kommunens har i første rekke ansvar for å legge til rette for breiddesatsinga innanfor kultur- og idrettslivet, men også kommersielle aktørar skal ha gode vilkår slik at dei kan tilby innbyggarane i regionen gode opplevingar.

Vi vil:

  • Legge til rette for eit aktivt kultur og idrettsliv i kommunen
  • Jobbe for at Sjøborg, Ulsteinhallen og Ulstein Arena vert flittig brukt
  • Satse vidare på kulturskulen som eit tilbod til elevar i alle aldersgrupper.
  • Auke den årlege ramma for trivselstiltak i krinsane.

Natur, miljø og friluftsliv

Kvar enkelt har eit ansvar for å ta vare på miljøet rundt seg ved å hindre forsøpling og forureining. Kommunane er gjennom SSR ansvarleg for å legge til rette for gode avfallsordningar. Eit av satsingsområda til Ulstein har vore utbygging av turvegar til glede for turglade innbyggarar.

Tilrettelegging for friluftsliv er godt folkehelsearbeid, og bør halde fram.

Ulstein Frp ønskjer å legge til rette for meir friluftsliv ved sjøen gjennom ordninga med statleg sikring av friluftsområder.

Vi vil jobbe for sanitæranlegg ved dei mest brukte badeplassane i kommunen. Den uberørte naturen rundt oss er ein viktig ressurs å ta vare på. Etablering av vindparkar kan øydelegge arts mangfaldet, fauna og naturmiljø og vere til skade for reiselivssatsinga vår. Vi ønsker difor ikkje å legge til rette for dette.


Vi vil:

  • Bygge sanitæranlegg ved Osnessanden og Eiksundstranda
  • Gå i dialog med grunneigar om bygging av parkeringsplass og toalett ved Roppesanden
  • Bygge universelt utforma turveg til Osberget og tursti rundt Løsetvatnet
  • Utvide parkeringsplassen på Gåsneset og oppgradere turstien til Roppehornet
  • Utvide parkeringskapasiteten ved fleire av dei mest populære turmåla.
  • Legge til rette for strandrydding og andre ryddeaksjonar.
  • Gå imot etablering av vindturbinpark i Ulstein.
Utsikt over Ulsteinvik frå Notten

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjons-kapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Mer informasjon

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skredder-sydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eks-empel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.