Valprogram for Herøy FrP perioden 2023-2027
Dette dokumentet er Herøy FrP sitt program for perioden 2023-2027. Her kan du lese om kva retning Herøy FrP ynskjer at Herøy kommune skal gå dei neste fire åra. Dette er vårt utgangspunkt når vi skal forhandle med andre parti om vegen vidare for Herøy kommune.
Vi skal representere deg som innbyggjar, uansett kva posisjon vi får etter valet. Vi ynskjer di stemme, slik at vi kan vere med å styre Herøy kommune til det beste for innbyggjarane.
Eit lokalsamfunn må utvikle seg, og det er berre mogleg der det finst rom for personleg friheit. Friheit til å skape, og friheit til å vekse på eigne premiss. Herøy FrP er eit JA-parti, vi ynskjer å gjere kvardagen enklare for folk flest.
Herøy FrP skal føre ein økonomisk ansvarleg politikk, der ein også tek omsyn til innbyggarane si lommebok. Ideologi ligg som ein styrepinne, og ikkje som fasit. Vi vil ta opp kampen mot det offentlege systemet som vil styre over den enkelte sitt liv, og sette enkeltmennesket sine ynskjer og behov i sentrum.
Herøy FrP jobbar aktivt opp imot partiet i fylket og nasjonalt for saker som er viktige for Herøy. Disse er ikkje ein del av dette lokalprogrammet, men det betyr ikkje at Herøy FrP ikkje har meiningar om sakene.
Bruk stemmeretten din 11. september. Om du ynskjer at Herøy FrP skal få meir makt til å påverke i neste periode, gi oss di stemme. Gi oss moglegheit til å påverke til det beste for di framtid.
Godt val!